Lada opp med besøk på Tinget
Kva skal til for å fleire unge til å nytta stemmeretten? Det er tema på konferanse som startar torsdag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Lada opp med besøk på Tinget
Onsdag kveld fekk ungdom som er med i Mot til å meina-prosjektet privat omvising på Stortinget. Omvisar var stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp).
– Det var spennande, fortel Anita Ueland etter blant anna å ha leika statsråd i spørjetimen på Stortinget og vandra forbi både Kjell Magne Bondevik og tv-intervju på direkten. Medan Høgre hadde gruppemøte om
Datalagringsdirektivet og kring 1000 gjekk i fakkeltog mot oljeboring i nord utanfor.
Ministeren kjem
Torsdag vil over hundre deltakarar delta på konferansen "Snakk med oss – då gidde me kanskje stemma".
Kommunal- og regionminister Liv Signe Navarsete (Sp) deltek saman med Trond-Viggo Torgersen, Per Inge Torkelsen og ei rekkje representantar frå kommunar, ungdomsråd og politiske parti.
Ung makt
Det er også sett av tid i programmet til å møte engasjerte ungdommar. Leiar i Granvin ungdomsråd, Synnøve Kvamme, vil til dømes snakke om korleis ei monstermast kan setje fyr på engasjementet.
Og Trond-Viggo Torgersen som er leiar av regjeringa sitt uval om unge si makt og deltaking skal gi svar på spørsmålet: Korleis gi dei unge auka makt på den politiske arenaen?
Mot til å meina
Mot til å meina er eit prosjekt som har som mål å auka det politiske engasjementet blant unge.
Nasjonalt Garborgsenter og kommunane Sauda, Hjelmeland og Time står bak.
Dei vidaregåande skulane som dekkjer pilotkommunane har peika ut fem elevar kvar som skal følgje prosjektet og leggje premissar og gi innhald til prosjektet.
Kva meiner du skal til for å få fleire unge til å engasjera seg i politikken?