Sør- og Vestlandet minst likestilt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Sidan 1999 har dei publisert ein indeks som måler likestilling mellom kvinner og menn i norske kommunar.

Indeksen blir publisert årleg og gjev kvar kommune i Noreg eit mål på likestilling i kommunen, målt langs tolv ulike indikatorar.

Minst likestilt i Vest-Agder
I Vest-Agder er så mange som 13 av 15 kommunar i gruppa ”låg grad av likestilling”. Dette gjeld òg fleirtalet av kommunane i Aust-Agder, Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal.

Fordeling av inntekt, deltidsarbeid, leiarar i kommunen og kommunestyrerepresentantar er vesentleg lågare enn for landsgjennomsnittet. Dei minst likestilte kommunane skil seg òg ut ved å ha ein skeivare fordeling av kvinner og menn i offentleg og privat sektor enn gjennomsnittet for landet som heilskap.

Fedrekvote i Sogn og Fjordane
Samanlikna med dei likestilte kommunane i Nord-Noreg skil Sokn og Fjordane seg ut ved at mange kommunar har ein høg del fedrar som tek ut fedrekvote eller meir av foreldrepengeperioden.

Fem av dei ti kommunane i landet der fedrar tek ut lengst permisjon – Aurdal, Leikander, Gaular, Luster og Årdal – ligg i Sokn og Fjordane.

Kva meiner du skal til for å få til meir likestilling?