Deler ut 100.000 kroner

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hjelper rørsle- hemma ungdom ut i naturen

 Vinjerockfondet, som såg dagens lys i samband med Vinjerock 2010, har totalt 100.000 kroner å dele ut til rørslehemma ungdom som vil ut på tur i norsk natur. Fondet er eit samarbeid mellom festivalen, Den Norske Turistforening og Fairtrade.

Fondet fekk sine inntekter frå ulike aktivitetar under festivalen på Eidsbugarden i fjor sumar. Alle artistane bidrog ved å måle bilete som vart auksjonert bort, medan Fairtrade gav bort heile overskotet frå kaffibaren dei hadde på festivalen. I tillegg gav Vinjerock ei krone til fondet for kvart plastglas som vart panta.

– Totalt utgjorde dette i underkant av 90 000 kroner, som vi til slutt valde å oppjustere til eit rundt beløp, fortel festivalsjef, Eirik Høyme Rogn i ei pressemelding.

Mellom 15 og 30
Vinjerockfondet gjev støtte til rørslehemma ungdommar mellom 15 og 30 år som vil realisere turdraumar i norsk natur. Fondet gjev støtte til kost og losji for ledsager, transportutgifter og leige eller anskaffing av tilpassa friluftsutstyr. Søkjarane kan søke om inntil 20.000 kroner kvar.

– Vi veit av erfaring frå Vinjerock at mange i denne målgruppa synes det er stor stas å vera til fjells, og vi vonar at vi med dette kan bidra til at enno fleire får store turopplevingar ute i naturen, slår Høyme Rogn fast. Han meddeler vidare at han er spent på kor mange søknadar fondet får i si fyrste tildelingsrunde.

Utdeling på Riddarrennet
Søknadsfristen går ut den 25. mars, og etter dette vil ein jury gjennomgå alle søknadane. Dei fyrste tildelingane frå fondet skal etter planen markerast i samarbeid med Riddarrennet på Beitostølen i april.

– Vi gler oss til å ta i mot søknadar, og oppmodar alle i målgruppa som har ein liten eller stor turdraum til å sende ein søknad gjennom fondets nettside, avsluttar Høyme Rogn.

Krafsefestival
Vinjerock blir ikkje arrangert denne sommaren på grunn av oppgradering av området rundt Eidsbugarden. Den populære festivalen har tæra på den sårbare naturen, og no skal ein laga til eit meir robust festivalområde.

Nest siste helga i juli blir det arrangert Krafsefestival for dei som har lyst til å vera med på å bidra til byggja Vinjeparken.