Facebookoppdateringar frå det utsvevende sosiale livet til venene dine kan fort setje di eiga kjedelege verd i eit vemmelig perspektiv.

Sjur Øvrebø, Universitas.no
Sjur Øvrebø, Universitas.no

Det florerer av positive statusoppdateringer på Facebook. Du kan lese om kule festar, eksotiske ferieturar eller familieidyllen hos ei fjern tante. Og i tilfelle det skulle vere nokre tvil, så er bildebevis som regel vedlagt. Alle er lukkelege på Facebook.

Men no har forskarar ved Stanford-universitetet dokumentert at vi overvurderer kor godt andre har det. Det skriv den dansken nettavisa Videnskab.dk. Forskarane spurde 80 studentar om der ofte dei trudde medstudentar hadde konkrete oppturar og nedturar i ein periode.

Vil ikkje vise negative kjensler
Studentane trudde 63 prosent av dei andre hadde hatt ein opptur, til dømes ein bra fest, medan det i røyndomen berre gjaldt for 41 prosent. Studentane trudde òg at 54 prosent av dei andre hadde opplevt nedturar. Her var det faktiske talet heile 83 prosent av gruppa.

LES OGSÅ: Vi får slike rastlause sjeler

I tillegg kom det fram at studentane vegra seg for å vise negative kjensler i samvær med andre. 40 prosent kunne opplyse at dei medvite freista å skjule desse kjenslene for andre studentar.

På Facebook snakkar folk mest om suksessane sine og der godt dei har det. Det er lite rom for det negative. Ekstern lektor i psykologi ved Københavns Universitet, Lars Lundmann Jensen, fortel til Videnskap.dk at folk ynskjer å trekkje fram det positive i identiteten sin på nettet.

Rammar folk med låg sjølvtillit
– Oppdateringane på Facebook handlar i stor grad om å skape ein identitet og få heider for han. Vi vil i høgare grad anerkjennast for det positive framfor det negative.

At folk flest snakkar om dei hyggelege tinga i hverdagen, og unngår negative oppdateringer, får konsekvensar.

– Folk med lav sjølvtillit vil føle at alle andre har det betre enn dei sjølv, seier Jensen.

LES OGSÅ: Difor funkar Facebook

Alle gladmeldingene frå vener på Facebook, skapar eit inntrykk av at folk har det som plommen i egget. Reaksjonen blir at vi sjølv byrjar å skrive om kor kult livet er. Lars Lundmann Jensen meiner dette lykkejaget på Facebook kan føre til ein kunstig situasjon.

– Det kan fort bli slik at 500 vener, som alle har det vanskeleg, fortel kvarandre kor fantastisk livet er.  

LES SAKA I UNIVERSITAS!

Trur du på alt du les på Facebook?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

Kommentarar

ANNONSE