Fleire barneskular i Oslo byrjar med talkarakterar til hausten – utan å ha spurt om lov.

Svein Olav B. Langåker

 Skulebyråd i Oslo, Torger Ødegaard (H), har ikkje tenkt å søkja Kunnskapsdepartementet om lov. Han listar inn karakterar bakvegen ved at læraren munnleg skal forklare elevane kva for ein karakter dei ville ha fått, samstundes som dei får dei skriftlege vurderingane sine.

– Både lærarar og elevar var den gongen svært motiverte for å teste ut karakterar, seier rektor Nina Solbakken ved Tonsenhagen skule til Aftenposten.

OECD tilrår at elevane på barnetrinnet får ei betre forståing av kva tallkarakterene tyder.  

– Eg ynskjer å utfordre kunnskapsministeren i samanhengen mellom tydeleg vurdering, motivasjon og overgangen til ungdomsskulen. Me veit alle at fråfall ikkje byrjar i vidaregåande skule, men at skulane må arbeide med dette perspektivet allereie i barneskulen, seier Ødegaard.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Lisbet Rugtvedt (SV) seier til Aftenposten at det er «veldig spesielt» at Oslos skolebyråd medvite freistar å omgå opplæringsloven. Ho vil ikkje svare på om det å innføra rettleiande karakterar er i strid med lovverket eller ikkje.

Er det for tidleg å innføra karakterar i barneskulen?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

LES OGSÅ

ANNONSE