Vann med Afghanistan-bok

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vann med Afghani- stan-bok

Boka handlar om dei tre unge barndomsvennene Tarjei, Trygve og Kristian som bestemmer seg for å verva seg til de norske styrkane i Afghanistan. Ingen av dei tre kjem tilbake. Kvifor dro dei eigentleg? Kva med dei som er igjen?

Boka er skrive dels på bokmål, dels på nynorsk.

Stemt fram av skuleklassar
Ungdommens kritikerpris er ein pris for skjønnlitterær samtidslitteratur. Juryen for prisen er ungdommar frå heile landet som er valde ut på bakgrunn av søknader frå klassen eller læraren sin. Prisen blei delt ut på Litteraturhuset i Oslo i dag, torsdag.

Prisen vart innført etter initiativ frå Foreningen !Les i 2005, og Utdanningsforbundet, Norsk kritikerlag, Kunst- og kultur i opplæringen og Den norske Forleggerforening står saman med Foreningen !Les bak prisen.

Helga Flatland er busett i Oslo. Ho har bachelorgrad i Nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo og har i tillegg treårig utdanning på tekstforfatterlinja på Westerdals School of Communication.

Dei nominerte til Ungdommens kritikerpris 2010 var:
Mikkel Bugge: Gå under jorda. Oktober
Helga Flatland: Bli hvis du kan, reis hvis du må. Aschehoug
Gaute Heivoll: Før jeg brenner ned. Tiden
Jan Roar Leikvoll: Fiolinane. Samlaget
Thomas Lundbo: Synkere og svevere. Cappelen Damm
Nina Lykke: Orgien og andre fortellinger. Oktober
Tove Nilsen: Nede i himmelen. Oktober
Karine Nyborg: Ikke rart det kommer kråker. Aschehoug