Meir fokus på unge talent

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Torsdag 24. februar la Filmutvalet fram sin rapport for byråden i Bergen. Utvalet har utarbeidd forslag til bransjeutviklande tiltak som skal styrke filmbransjen i regionen. Irmelin Nordahl, dagleg leiar i Vestnorsk filmsenter, er nøgd med jobben filmutvalet har gjort.

– Ofte er det veldig stort fokus på filmen og sjølve filmprosjektet. Me vil ha meir fokus på menneska bak filmen, me vil løfte enkeltmenneske vidare, ikkje berre gå frå prosjekt til prosjekt, fortel Nordahl.

Eit av tiltaka filmutvalet la fram er eit eige utviklingsprogram ved Vestnorsk filmsenter, «Talent Vest», som skal vere ei individretta ordning for kreatørane innan regi-, manus-, og produsentrollane.

– Det fins ingen ordningar for å komme inn i bransjen i dag. I kvar filmprosess burde det vere plass til fleire, slik at ein kan kople nye talent med dei som allereie er etablert i bransjen. Dette vil me forhåpentlegvis klare i «Talent Vest», seier Nordahl.

Filmbyen Bergen
Kulturbyråd Harald Victor Hove er imponert over filmutvalets rapport.

– Eg synst det var ein veldig spanande rapport. Filmutvalet har ein tydeleg ambisjon om å løfte Bergen til nye høgder. Det var mange realistiske mål, også økonomisk sett, seier Hove.

Byråden seier at det var nokre punkt i rapporten han vart overraska over.

– Det at det var mykje fokus på unge filmskaparar var overraskande, men positivt. Det er tydeleg at ein ynskjer å ta ansvar for unge talent. Kanskje me burde satse meir på den formelle filmutdanninga i Bergen, slik at det blir enda eit ledd i talentsatsinga, men dette er noko me må undersøke nærmare, seier Hove.

– Ofte gløymt
Ragnhild Sørheim, som studerar film- og TV-produksjon ved UiB, trur eit tiltak som «Talent Vest» blir viktig for filmmiljøet i Bergen.

– Miljøet for filmskaping i Bergen er veldig lite, og det er vanskelig å komme inn. Mange ynskjer å vere her, men det er få som greier seg og ofte må ein pendle til Oslo for å få jobb, seier Sørheim.  Studenten trur Bergen har potensiale for å bli ein stor filmby, men at den ofte blir gløymt.

LES OGSÅ: Slik blir du skodespelar

– Dersom eit slik tiltak blir gjort, vil det vere lettare å få kontakt med dei rette folka, og treninga blir meir verkeleg, meiner Sørheim.

Men om «Talent Vest» blir ein realitet er enno usikkert. Kva tiltak som blir vedtatt er framleis ukjent, men byråd Hove kan garantere for at noko vil talentsatsinga uansett få.

– Pengar kan eg garantere. Me skal legge fram saka for bystyret i april, og i juni veit me kva ambisjonar politikarane har, og kva tiltak som skal bli gjort, seier Hove.

LES SAKA I STUDVEST!