Tarjei (18) styrer Fusa Ap

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre ni dagar etter han fylte 18 år tok han på seg leiarvervet i Fusa Arbeidarparti.

– Som ung har ein mykje ein kan læra. Og det kan vera fleire som har lyst til å høyra på meg. Eg er ein kar som ropar ut når det er noko. Eg får også mykje god hjelp frå mange av dei andre som har meir erfaring, svarar han på spørsmål om alderen hans kan vera ein fordel.

– Utruleg spennande, seier han om vervet.

Vil vinna valet
Arbeidarpartiet er tredje størst i Fusa denne valperioden, bak Senterpartiet og Framstegspartiet. No er målet å gjera ein så god valkamp som mogleg.

– Målet vårt er å få gjennomslag for sakene våre. Då treng me flest mogleg i representantar i kommunestyret.

– Kva saker er du opptatt av?

– Eg legg vekt på saker som gjeld kommunen min. I Fusa er fleirbrukshall, kollektivtrafikk og eldreomsorg viktige saker.

– Satsar du på å bli valt inn i kommunestyret?

– På grunn av læretid har eg bede om å ikkje bli sett høgt på lista, seier han til Framtida.no.

Til dagleg går han på prosess og kjemi på Laksevåg videregående skole i Bergen.  

Støtte frå sjefen sjølv
18-åringen får støtte frå statsministeren:

– Det er viktig for demokratiet vårt at unge er engasjerte i politikk og også får leiaroppgåver. Eg ynskjer Tarjei lukke til med vervet, seier Jens Stoltenberg i ei tekstmelding til NRK.