The Last Hurrah!
Er det nokon som har forandra verda, så er det meg. Det er berre å slå det fast: Eg har forandra verda.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vi som skriv i avisa blir ofte skulda for å vere pompøse og hårsåre, og for å ha altfor stor tiltru til vår eiga makt. Dette er viktig kritikk som vi naturligvis skal lytte til, vere audmjuke overfor og drite i.
Eg gir meg no som spaltist for Dagsavisen, og eg nyttar dagens spalte til å sjå meg tilbake. Og når eg ser meg audmjukt tilbake, så er det vanskelig å konkludere med noko anna enn at denne laurdagsspalta har forandra verda. Kanskje ikkje heile verda, men i alle fall heile Norge. Og delar av verda.
Då eg begynte å skrive denne spalta i mai 1992 var situasjonen i Aust-Europa uviss, NRK var Norges einaste riksdekkande tv-kanal, Norge hadde ikkje deltatt i fotball-VM sidan trettitalet, EU heitte EF, Telenor heitte Televerket, nesten ingen visste kva internett var, Anne Holt og Erlend Loe hadde ikkje bokdebutert, Kurt Cobain og Lady Diana var i live og Miley Cyrus var ikkje født. Og, kanskje det som verkar aller fjernast i dag: Gro Harlem Brundtland var statsminister.
Under eitt år seinare var den tsjekkiske republikken oppretta, TV2 hadde starta sine sendingar, Norge hadde fått sin første kvinnelige biskop, World Wide Web var gjort tilgjengelig for alle og Danmark hadde vunne fotball-EM. Miley Cyrus var født og sannsynligvis godt i gang med karrieren. Og nokre månader seinare var Norge kvalifisert til fotball-VM.
Eg skal naturligvis ikkje ta æra for alt dette. Det med at Danmark vann fotball-EM, for eksempel, var som kjent rein flaks. Dei var ikkje kvalifiserte eingong. Dei fekk berre vere med fordi Jugoslavia plutselig slutta å fungere.
Men, utan å gjere eit for stort nummer av det, alle dei andre emna skreiv eg faktisk om i spalta mi i løpet av det første året. I alle fall nesten alle. I alle fall ganske mange. På den andre sida, eg skreiv også om Kåre Willoch og Gerhard Helskog. Utan at det hjalp. Men ein kan ikkje vinne alle slag. Det er derfor det er viktig å kjempe berre dei viktigaste slaga. Det har eg alltid gjort. Stort sett.
Vi som skriv i avisa bør ha eit edruelig forhold til vår eiga viktigheit. Det har eg alltid vore opptatt av. Derfor vil eg ikkje gå så langt som til å seie at alt har blitt betre i perioden eg har skrive denne spalta. Men nesten alt. Det er ingen tvil om at denne spalta har gjort Norge til eit opnare og meir tolerant land som har funne sin plass i verda, og at verda også har tatt mange steg i rett retning i denne perioden.
Sidan eg begynte å skrive i Dagsavisen kvar laurdag, har Norge vunne Melodi Grand Prix to gonger. Vi har deltatt i to fotball-VM og slått Brasil i eitt av dei. Ein nordmann har blitt matchvinnar i finalen i Champions League. Sør-Afrika kasta apartheid på havet og valde Mandela til president. Situasjonen i det tidligare Jugoslavia er stort sett under kontroll. Demokratiet brer om seg i verda. Norge har fått sin første kvinnelige tronarving. USA har fått sin første svarte president. Odd Nordstoga har toppa VG-lista. Sauar har blitt klona. Kvinner har fått lov til å hoppe på ski i VM. Operaen står ferdig. Og det norske kvinnelandslaget i handball har vunne EM fire hundre gonger.
Vi som skriv i avisa er alltid opne for kritikk. Vi evaluerer vårt eige arbeid kontinuerlig. Det går nesten ikkje ein dag utan at eg spør meg sjølv: Kunne eg gjort dette annleis? Kunne eg gjort dette betre? Svaret er så godt som alltid nei. Men eg må sjølvsagt innrømme at ikkje alt har gått bra i denne perioden. Eg skulle gjerne klart meg utan både terrorangrep, krigar, karikaturstrid og alle seriegulla til Rosenborg. Og sjølvsagt skulle aldri Guri Schanke representert Norge i Melodi Grand Prix i 2007. Men det skulle vere unødvendig å seie. Og Kjell Magne Bondevik var statsminister. To gonger. Til mitt forsvar skal det seiast at mykje av dette skjedde medan eg hadde ferie. Eller var opptatt med å skrive om andre ting. Ein kan ikkje rekke over alt. Sjølv om eg har prøvd. Det kan ingen ta frå meg. Eg har prøvd.
No får samfunnet klare seg som best det kan på eiga hand.
Lykke til.
Denne artikkelen stod først på trykk for Dagsavisen 26. februar.