Lokkar nye medlemmar med alkohol

Danske Unge Venstre går nye vegar for å få fleire medlemmar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gratis sprit til nye medlemmar

” Vi har valgt at holde mexicanerfest – med søde señoritas bag baren som er klar til servere masser af dejlig Tequila og andet godt til folket!”

Dette skriv Venstres Ungdom i Favrhus i fjesbok-hendinga for kommande laurdag.

Ungdomspartiet kunne tysdag melda om 700 ”duggfriske”, nye medlemmar. Ifølgje Helsingør Dagblad lokkar lokallaget i Sønderborg med to champagne-flakser for ei gruppe på seks personar som melder seg inn. Moderpartiet Venstre, er nærmast politisk dagens norske Høgre, og sit med statsminister Lars Løkke Rasmussen.

LES OGSÅ: Rekordvekst for ungdomsparti

Den fuktige vervekampanjen har ikkje skapt ramaskrik i Danmark. Saka blir oppfatta som kuriøs og heller ein litt pinleg måte å verva medlemmar på, ifølgje Aftenposten.

QUIZ: Kor god er du i dansk og svensk?

Kva synst du om denne måten å verva medlemmar på?