Vil bli verdas beste – sponsa av bonde

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil bli verdas beste – sponsa av bonde

Skitalentet Sjur Slettom har skaffa seg ein sponsor utanom det vanlege. På beste sponsorplass, rett over panna, står namnet Vidar Haagaa på hua hans.

– Det er tøft å ha noko anna på lua enn alle andre, og det er mange som har lagt merke til det, seier Sjur Slettom til NRK Oppland og Hedmark. Han har fleire somrar jobba som gardsdreng hjå Haagaa, og tykkjer det er gjævt å gå med namnet til naboen på lua.

Økonomien i avtalen er hemmeleg.

– Førebiletet mitt er Petter Northug, og eg har som mål å bli best i verda. Under OL i Sotsji er eg 18 år, så det blir nok litt tidleg. Men under OL i 2018 er eg 22, og da har eg tenkt å vere med, seier Slettom.

Gull på 5 km, sylv på sprinten!
Sjur Slettom frå Lom IL stakk avgarde med sigeren i fredagens Hovudlandsrenn i Granåsen. På sprinten laurdag vart det sylv.

Sjur vann 5-kilometeren i klassen gutar 15 år, 3,8 sekundar framfor Henrik Gundetjern Fjellstad frå Vindbjart IL og 7,5 sekundar framfor Svein Berg Fines frå Henning Skilag.

Ordførar Simen Bjørgen og administrasjonssjef Ola Helstad har allereie sendt gratulasjonstelegram:

«Kjære Sjur. Hjarteleg til lukke som vinnar av Statoil hovedlandsrenn på Granåsen i dag. Med dette har
Lom fått ein suveren norsk meister. Resultatet er svært imponerande.»

LES SAKA i FJUKEN!