Skriv på skodespel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Agnes Ravatn (28) reiser i april til eit herskapeleg slott i Krakow. Her skal den unge Ølen-forfattaren skriva skodespel i tre månader.

Ravatn er, saman med forfattaren Nils Henrik Smith, plukka ut til å få stipendopphaldet i Polen av Kapittel, Stavanger sin internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom. Poenget med opphaldet er å få tid til å jobba konsentrert over lang tid, og Villa Decius Association sitt herskapelege slott i Krakow husar mange forfattarar frå dei fleste tyskspråklege landa.

– Eg held på med eit skodespel for tida, og med litt sjølvdisiplin bør det vera muleg å få gjort ein del i løpet av desse månadane, seier Agnes Ravatn til Grannar.

Skodespelet er ein komisk familietragedie, men ho presiserer at det ikkje er sjølvbiografisk.

Travle tider
Hennar nyaste bokprosjekt «Folkelesnad» blir gitt ut i april mens ho er i Polen, og derfor blir skriveopphaldet i Krakow avbrote av nokre turar heim til Noreg i samband med boklanseringa.

– Det er travle tider, men på ein behageleg måte sidan eg ikkje er arbeidsledig, fortel forfattaren frå Ølen.

Stipendopphaldet er ein del av det toårige litteraturprosjektet Dagny som er initiert gjennom EU, og til hausten skal dei norske forfattarane Tina Åmodt og Henning Bergsvåg til Polen for å skriva. Agnes Ravatn blei også tildelt stipendet i fjor, men takka då nei. I staden blei det derfor forfattarane Tor Eystein Øveraas, Lisa C.B. Lie, Knut Olav Homlung og Eivind Evjemo som reiste.

– Eg har også eit nytt bokprosjekt på gang, men kjem ikkje til å starta på dette arbeidet før til hausten, seier Ravatn.

LES SAKA I GRANNAR!