Krev ENØK-hjelp til ungdomshus

Dugnadsdrivne ungdomshus slit med økonomien på grunn av høge straumprisar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev ENØK-hjelp til ungdoms- hus

Noregs Ungdomslag krev at Enova får på plass eigne støtteordningar for energiøkonomisering i organisasjonseigde bygg.

– Det finst ingen ordningar som laga våre kan leve opp til. Dei ordningane som finst, er laga for næringslivet og det offentlege og dimensjonert for heilt andre typar bygg, seier styreleiaren i Ungdomslaget, Kristian Fjellanger til Nynorsk Pressekontor (NPK).

Han viser til døme på ungdomshus som har blitt rive fordi eit lag ikkje har greidd å driva huset. Det er 350 ungdomshus organisert gjennom Noregs Ungdomslag, i tillegg er det ei rad andre ungdoms- og organisasjonshus rundt i landet.

Mest mogleg kWh per krone
Seniorrådgivar Håvard Solem i Enova stadfestar overfor NPK at krava til reduksjon i strømforbruket er så strenge at få foreiningar og lag kan komme inn under ordningane.

– Me skal forvalta fellesskapsressursane på ein måte som gjer at vi får så mange kilowattimar som råd ut av kvar krone som blir gitt i støtte. Og då er dessverre verda slik at dei store prosjekta genererer mykje større resultat enn dei veldig små, seier Solem til NPK.