Offera si historie

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

BOKMELDING: "Amal ønsket å se soldaten dypere inn i øynene, men munningen på automatvåpenet hans, som var presset mot pannen hennes, tillot det ikke. Men hun sto nær nok til å se at han brukte kontaktlinser. Hun så for seg at soldaten bøyde seg mot speilet for å sette linsene på øynene før han kledde på seg for å drepe. Så rart, tenkte hun, hva man tenker på i rommet mellom liv og død."

Susan Abulhawa si debutbok tek til i ein liten palestinsk landsby i 1941, der ein patriark og familien deltek på den årlege innhaustinga i olivenlundane. Her blir ein kjend med tre generasjonar av Abulheja-slekta som ein skal følgje fram til vår tidsrekning.

Den 361 sider lange reisa er både vakker og grufull på same tid. Den handlar om unge menneske som er villige til å ofre livet for palestina si sak, om frårøva barndom, om slektningar på kvar si side av konflikten, om knuste draumar og om ei mor sin kamp for å halde familien samla.

LES SISTE UTANRIKSNYTT!

Forfattaren dreg deg med eksotiske skildringar inn i ei historie med komplisert bakgrunn i eit forrykande tempo. Ho skubbar deg gjennom scene etter scene, utan å la lesaren snu seg tilbake etter ei mor som missar guten sin i eit voldeleg opptog eller ein diabetisk unge som fell om oppe i fjella.

Forfattaren sin palestinske bakgrunn og eigne erfaringar frå Midtausten-konflikten gjer at ein får ei spesiell tiltru til historia og karakterane ein følgjer, til tross for nokre klisjear.

Eg trur ingen kan forstå omfanget av ein slik konflikt før ein får høyra historia fortalt frå nokon som sjølv har opplevd det. Kveldsnytt og TV2 Nyhetskanalen fortel ikkje om kjenslene til einskildmenneske, konsekvensane av å misse landet sitt og korleis eit folk blir påverka av å bli utsett for ein slik brutalitet i over 50 år. Dette er ikkje berre ei god historie, men også ein tankevekkar!

LES FLEIRE SAKER FRÅ MAGASINETT!

Faktaboks

 Bok: Morgen i Jenin (Mornings in Jenin)
Forfattar: Susan Abulhawa, omsett til norsk av Ragnhild Eikli
Forlag: Aschehoug, 2010