Styrer ungdomshuset sjølv

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein blir utadvendt av å bu her

Viljar Hanssen hoppar av snøskuteren utanfor ungdomshuset midt i Longyearbyen, og ønskjer oss velkomne inn.

– Alle ungdommane har nøkkelkort til ungdomshuset. Det kostar nokre hundrelappar i året, forklarar han.

– Det er oftare her ein møtest, enn å gå heim til kvarandre. Fleire lagar mat her, gjer lekser eller lagar til noko å gjera på, fortel Viljar.

Huset har eit styre som bestemmer om det skal kjøpast inn noko nytt.

For tre veker sidan spela bandet Malmø her, i samband med jazzfestivalen. Sist helg var det UKM på Kulturhuset. Mellom ti og femten innslag er påmeldt.

Camp Svalbard
– Det er mange som driv med song og teater her, seier Viljar. Men som leiar i ungdomsrådet er han opptatt å støtta opp om aktivitetar for dei som likar å gjera andre ting.

Av dei 80.000 kronene ungdomsrådet har til rådvelde, betalar dei ein stor del til Camp Svalbard. Ei helg i august får 40 ungdommar i alderen 13 til 18 år vera med på brevandring, bading, jaktsti og mykje anna under open himmel.

Blir kjent med alle
– Det eg synst er så bra her på Svalbard er at ungdom må vera med alle. Og då må ein jo berre bli kjent med masse forskjellige folk, seier Viljar Hanssen (17).

– Ein blir utadvendt av å bu her. Det er jo superartig å bli kjent med folk, seier Marlene Mellum (17).

SERIE: Framtida.no har vore på Svalbard og sett korleis ungdom bestemmer over kvardagen sin. Følg med!