Årets ungdomsfotograf

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årets ungdoms- fotograf

Lesarane våre vil kjenne Thomas Sandanbråten Mørch (24) som ein flittig fotograf som ofte har bilete i avisa. Han er medlem av Nesbyen kameraklubb.

Thomas deltok i Landskonkurransen til Norsk Selskap for Fotografi, som er samanslutninga for norske fotoklubbar.

Det blir arrangert to konkurransar årleg, vår og haust. Vårkonkurransen har fritt motiv, medan temaet for haustkonkurransen er bunde.

To premiar
Thomas Mørch har gjort det skarpt i begge fjorårets konkurransar. Sist vår tok han ein sølvmedalje med motivet «kongeørn i solnedgang». Og no, sist haust, tok han like godt gull med ein serie på tre bilete med tittelen «Life».

– Og dermed vart eg kåra til årets ungdomsfotograf, seier ein fornøgd Thomas S. Mørch.

Fekk pokal
Serien viser kontrasten mellom det nyfødde barnet og det vaksne mennesket.

– Bileta er i svart-kvitt, og viser dotter mi, Aurora, fortel Thomas. Forrige dagen fekk han tilsendt den pokalen som høyrer med til utmerkinga.

Juryens grunngjeving er særdeles kort: «Gullvinneren hadde udiskutabelt de beste bildene», heiter det.

Heiderstittelen «Årets ungdomsfotograf» blir gitt til eit enkeltmedlem under 25 år som har sanka flest poeng under dei to konkurransane.

– Hei og hurra! Skriv Thomas i ein e-post til oss, tydeleg glad for heideren som er blitt han til del.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!