Kor er Siv Jensen og Hege Storhaug?

Olav Magnus Linge
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Folk har teke til gatene i Mellom-Austen. Dei som kjempar for demokrati har fått fortent støtte frå menneskerettsorganisasjonar og nettaktivistar frå heile verda. Men ei gruppe som til vanleg ikkje let sjansen til å kommentere det som skjer i land dominert av muslimar, er ikkje til å sjå. Høgrepopulistisk parti og tenkjetankar er verken i støttemarkeringane eller på TV-skjermane. Kor vert det av Siv Jensen og Hege Storhaug, no som nyhendene fløymer over av sinte muslimar? Kor vert det av dei flammande talane til FrPs Per Villy Amundsen, han som er så rørande engasjert i ytringsfridom og demokrati? Kor er pressemeldingane frå Human Rights Service og Hege Storhaug, no som egyptiske kvinner kjempar for sin fridom? Det er talande stille frå ytste høge.

Eg veit sjølvsagt ikkje om Siv Jensen og Hege Storhaug heiar på diktatorane. Eg konstaterer berre at dei same folka som har brukt det siste tiåret til å mobilisere til sivilisasjonskrig mellom “vestleg” fridom og “underkastingskulturen” i Islam, er like grundig avkledd som propagandasendingane frå Mubaraks stats-TV.

Det er ingen tvil om at storpolitikken er ein grunn til det. Den øyredøyvande stillheita i FrP er eit ekko frå Tel Aviv. Diktatorane er ikkje berre korrupte og brutale. Fleire av dei er også stormaktenes menn. Betalt for å samarbeide med okkupanten Israel og USA. Revolusjonen i Egypt får nattesøvnen til å forsvinne i landet som kallar seg “det einaste demokratiet i Mellom-Austen,” Apartheid-staten Israel. Israel er tent med at arabiske diktatorar let vere å bry seg med lidingane til det palestinske folket, eller aggresjonen frå Israel mot andre naboland. Høgrepartia i Europa treng lite meir enn hint om at det er skepsis i Washington og panikk i Tel Aviv, før dei klappar kjeften i hop og stille ber om at torturistane tek siste stikk, denne gangen òg.

Men denne gangen trugar ikkje revolusjonane berre fysiske storleikar i maktpolitikken, men også noko langt større. Heile fortellinga Siv Jensen, Hege Storhaug og deira like i Europa bygg på er under åtak. Fortellingane om at muslimar ikkje ønskjer demokrati, og at fridom ikkje let seg sameine med Islam, er under åtak. Den forteljinga er sjølve grunnmuren i det skeive tårnet av frykt og fordommar vår tids høgrepopulistar reiser for å skremme liberale europerar med at Islam og muslimar også trugar vårt demokrati. Storhaug og co har male og male på det gamle biletet der Austen og Vesten tilhøyrer klårt definerte og strengt fråskilte kulturkrinsar, som bygg på grunnleggande ulike verdiar – despoti eller demokrati, kalifat eller kommunestyre.

Men når bileta av Ben Ali og Mubarak vert rive ned på direkte sendt TV, heng også islamofobane si verkelegheitsforteling i ein tynn tråd. Revolusjonane denne vinteren kan syne seg å verte eit avgjerande brot med fiendebiletet som pregar vår tid. Sjølvsagt er ikkje demokrati og ytringsfridom, eller politisk kamp for sosiale endringar i arabiske land nytt. Men revolusjonane kjem på eit avgjerande tidspunkt. Berre ved å tvinge hat-industrien til å liste seg ut av samfunnsdebatten, har dei set tydelege spor heilt opp til vårt eige land.

Energien som vert set fri i revolusjonære augneblink varer ikkje evig. Men det vere grunn til å håpe at den er sterk nok til å utfordre dei idéane som har fått råde grunnen dei siste tiåara. Kampen for fridom og demokrati kjem ikkje med kulturell patent.