Viste krigen sitt nakne ansikt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det sa den pensjonerte legen og professoren i indremedisin, Vidar Lehmann, og viste fram bilete av krigen sitt skremmande og nakne ansikt.

– Soldatar som opplever vonde krigshendingar vert anten fredsduer eller krigarar, og nokre vert berre nervevrak, sa han etter å ha vist bilete frå ei grufull hending under det første oppdraget han hadde som lege i SN sine fredsbevarande operasjonar i Gaza.

I går var Lehmann ein av talarane på Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) sitt seminar Samtidsdagar som tek føre seg krigen i Afghanistan og Kina si økonomiske utvikling. På programmet i går stod mellom anna utanriksreporteren Philip Lote si forteljing om bakgrunnen for Noreg sitt engasjement i Afghanistan, og parlamentarisk leiar for SV, Bård Vegar Solhjell, sitt innlegg om kvifor Noreg ikkje burde ha engasjert seg i krigshandlingane der.

Publikum var studentar og elevar frå HSH og Bømlo og Karmøy folkehøgskular, lærarar og andre interesserte.
 
Meir av Nansen og mindre Northug
– Å trekkja seg ut av Afghanistan på dagen, vil føra til ein katastrofe, sa Bård Vegar Solhjell. Ei avvikling av krigen, må skje samstundes som ein styrkar det sivile engasjementet og gjer folk og administrasjon i det fattige fjellandet i stand til å overta samfunn og styring sjølv.

Solhjell sitt hovudpoeng i talen var at Noreg må i framtida satsa meir på fredsbevarande innsats gjennom SN. Me må gå i front og brøyta opp nye løyper i utanrikspolitikken og ikkje smyga oss etter USA og Nato. Noreg brukar i dag like mykje på bistand som på krig i Afghanistan. Men det internasjonale militære engasjementet i denne snart ti år lange krigen kostar ti gongar meir enn bistandsbudsjettet.

SV-aren frå Sunnfjord samanlikna utviklinga i norsk utanrikspolitikk, med utviklinga i skisporet. Før var det Nansen som var helten, og dei som gjekk opp sporet for andre. I dag er helten Northug som ligg bak i den store hopen og prøver å få ei billigast mogleg reise utan å bruka energi sjølv.

– Eg meiner me må bli meir som Nansen, og mindre Northug, sa Bård Vegar Solhjell.

Samtidsdagane held fram i dag, onsdag. Då vert Kina hovudtema. Mellom innleiarane er Philip Lote og Arild Hermstad frå Fremtiden i våre hender.
 
Sterke bilete
Solhjell snakka klart og tydeleg om SV si haldning til Afghanistan, slik han var beden om å gjera. Men tydelegast tala Vidar Lehmann og bileta han viste frå eit langt liv som SN-lege i Gaza, Libanon, Kuwait, Irak og krigen i Serbia.

Utan fakter, med mild røyst og nakne og sterke bilete fortalde den pensjonerte medisinprofessoren om kor sterkt og nådelaust krigen råkar sivile, så vel som soldatar. Me fekk servert vakre solnedgangar over ørkenlandskap i kontrast til sundrivne menneskekroppar og krigshundar som levde på soldatlik. Ei død bosnisk kvinne skreik i mot oss, serbiske menn torturerte og avretta av kroatiske soldatar, eit lite barn drepe av israelske bomber, ei smilande libanesisk kvinne ved ruinane av fengselet der ho sjølv hadde vore offer for bestialsk tortur.

– Det er slikt som dette dei norske soldatane opplever og ber med seg når dei kjem heim, sa Lehmann og åtvara mot at Noreg behandlar veteranane frå Afghanistan like dårleg som me behandla krigsseglarane.

– Sjølv er eg glad for at eg har opplevd dette, men det har hatt sin pris. Når eg høyrer om hendingar rundt om i verda, som Egypt no, så rullar bileta over netthinna. Men noko grunnleggjande har eg lært: Menneska er dei same, same kor dei er og kven dei er.

LES SAKA PÅ SUNNHORDLAND.NO!