Noregsmeister vart venelaus
Slik kan du mista tusenvis av vener på Facebook.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Noregs- meister vart venelaus
Før jul blei Kvinnherad kommune i Hordaland kåra til Noregsmeister i Facebook. Få dagar seinare vart kommunen sin profil på Facebook sletta. Over natta mista Kvinnherad kommune 4.000 vener.
– Merksemda gjorde at vi vart sletta frå Facebook fordi vi var registrert som ein person og ikkje som ein organisasjon, fortel arealplanleggjar Kjartan Thoresen til kvinnheringen.no.
No er arbeidet med å finna tilhengjarar i gang. Organisasjonar og bedrifter får nemleg ikkje lov til å ha vener. Dei skal ha tilhengjarar ifølgje reglane til Facebook.
Lokalavisa Kvinnheringen opplevde same lagnaden med sin facebookprofil. Dermed må også lokalavisa dra i gang med å rekruttera tilhengjarar til si nyoppretta facebookside.
Faktaboks
Her kan du oppretta ei fjesbokside som organisasjon! Og her kan du oppretta ein blogg eller nettside på Origo!