Her skal snittfarten målast
Automatisk måling av gjennomsnittsfart på 11 vegstrekningar i 2011.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her skal snittfarten målast
– Statens vegvesen har evaluert tre vegstrekningar med automatisk måling av gjennomsnittsfart. Evalueringa viser redusert ulukkesrisiko med opptil 35 prosent. Eg har difor gitt grønt lys til at vegvesenet i år kan setja i verk slike målingar på ytterlegare 11 vegstrekningar, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding.
Evalueringa til Statens vegvesen syner mellom anna at risikoen for dødsulukker på E6 ved Dovreskogen er redusert med om lag 35 prosent som følgje av automatisk måling av gjennomsnittsfart (streknings-ATK). Sjåførane køyrer om lag 9 km/t saktare enn før tiltaket blei sett i verk. Statens vegvesen har òg evaluert effekten av denne type måling på E18 i Grenland og riksveg 3 i Østerdalen.
TEMA: Les siste nytt om trafikktryggleik!
– Det viktigaste tiltaket for å redusera dødsulukker og alvorlege ulukker på vegane er å få sjåførane til å halda fartsgrensene og å tilpasse farten etter forholda. Automatiske målingar av gjennomsnittsfart er såleis eit effektiv tiltak når det gjeld å betra trafikktryggleiken. Omsynet til personvernet til bilistane skal òg ivaretakast ved direkte automatisk sletting av data for dei bilistane som held fartsgrensene, seier samferdselsministeren.
I 2011 kan streknings-ATK bli etablert på følgjande vegstrekningar:
– Fv 653 Eiksundtunnelen, Møre og Romsdal
– E39 Byfjordtunnelen, Rogaland
– E6 Helltunnelen, Trøndelag
– E8 Tromsøysundtunnelen, Troms
– Rv 7 Hallingdal, Buskerud
– E8 Lavangsdalen, Troms
I 2011 er det i tillegg sannsynleg at streknings-ATK kan bli etablert på følgjande strekningar:
– Rv 475 Flekkerøytunnelen, Vest-Agder
– E16 Lærdalstunnelen, Sogn og Fjordane
– Rv 25 Elverum-Trysil, Hedmark
– Rv 8 Stryken – Grua, Oppland
– Fv 57 Lindås – Lauås syd, Hordaland
I løpet av dei komande tre åra blir det vurdert å etablera streknings-ATK på inntil 40 strekningar, inkludert dei 11 i 2011. Etablering av strekningane blir gjort i samarbeid med mellom anna politiet og andre styresmakter.
Trur du dette hjelpa på dei mange dødsulukkene på vegane?