Allkunne trekkjer krav mot Wikipedia

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Allkunne trekkjer pengekravet på 75.000 og vil ikkje gå til søksmål. Det kunne hovudredaktør for Allkunne, Ottar Grepstad, fortelja i ein debatt i høve 10-årsjubileumet til Wikipedia på laurdag.

– Wikimedia Norge har kome oss i møte med ein god dialog. Dei var òg tydelege på at dei hadde fjerna artikkelen det var snakk om, seier fungerande dagleg leiar for Allkunne Linda Halse Digernes til Framtida.no.

– Det har aldri vore eit søksmål, slik fleire media har skrive, presiserer ho.

– Debatten tok litt av
3. januar skreiv Allkunne brev til Wikipedia med krav om erstatning for brot på Åndsverkslova. I brevet stod det at saka ville bli følgt opp rettsleg om det ikkje lukkast å få til ei minneleg løysing.

– Debatten tok litt av etterpå. Det har aldri vore snakk om nokon form for økonomisk vinning for vår del. Saka omhandla opphavsrett, og ingenting anna, seier Linda Halse Digernes.

Angrar ikkje
Ho seier dei no ventar svar frå Wikipedia Foundation i USA, men understrekar at saka no er løyst.

– Angrar de på at de gjekk så hardt ut mot Wikipedia?

– Nei, det gjer me ikkje. Eg er for deling, men ikkje steling. No er me glade for at me har fått til ein nødvendig dialog med Wikipedia, seier Linda Halse Digernes.