Susanne Sundfør er månadens artist.

Anna Kleiva, Norsk Barneblad
Anna Kleiva, Norsk Barneblad

Frå musikklina til Tom McRae
Susanne Aartun Sundfør er fødd i Haugesund 19. mars 1986. Ho voks opp i same by, og gjekk musikklina der, på Skeisvang vidaregåande skule. Her jobba ho med både jazz og klassisk musikk. Ein kan høyre spor av ein slik breiare bakgrunn i den popmusikken ho seinare har gjeve ut på plate. Allereie i 2005, den sommaren Sundfør slutta på vidaregåande, var ho i gang med turnéliv. Ho vart plukka ut til å vere oppvarming for den britiske artisten Tom McRae når han spelte konsertar. Han var den første av ei lang rekkje artistar Sundfør har varma opp for; Minor Majority, Marit Larsen, Thomas Dybdahl er andre.

Men Susanne Sundfør vart ikkje først og fremst lagd merke til som oppvarmingsartist. Under by:Larm i Tromsø i februar 2006 gjorde ho stort inntrykk med eigen konsert, og vart den artisten avisene genierklærte i etterkant. Sommaren 2006 inviterte Madrugada henne med på turné – ikkje som oppvarming, men som ein del av showet.

Den alle snakkar om
Susanne Sundfør spelar både gitar og piano – men det er stemma si ho er blitt mest kjend for. Då ho sleppte den første singelen sin, «Walls», i november 2006, var det først og fremst stemma alle merka seg. Ho har ei på same tid intenst lys og sterk stemme. «Walls» gjekk då også til topps på alle lister, både på norsk radio og iTunes. I februar 2007 spelte ho på nytt under by:Larm; denne gongen i Trondheim, og med utruleg mykje førehandsomtale. Alle gledde seg til å høyre Susanne Sundfør. Sjølv hadde ho skaffa seg trommis, gitarist og bassist sidan sist – og innfridde forventningane glatt.

Knapt ein månad seinare gav ho ut debutalbumet sitt, «Susanne Sundfør». Utgjevinga fekk gode meldingar, og andresingelen «I resign» vart spelt på radio nesten like mykje som «Walls». På denne tida budde Sundfør i Bergen, der ho studerte på universitetet. Innimellom studium og solokarriere fann ho også tid til bandet Hypertext, som debuterte med «Corrente Elento» same år.

Å bli stor
I februar 2008 vann Susanne Sundfør prisen for beste kvinnelege artist under Spellemannsprisen. Det vart stort oppstyr fordi ho takka for prisen ved å seie «Eg er først og fremst artist, så kvinne». Men replikken var ein kommentar til den nedsetjande introduksjonen to mannlege artistar hadde gjeve utdelinga av prisen for beste kvinneleg artist. Slik vart Sundfør også kjend som ein artist som sa det ho meinte, utan å glatte over.

2008 heldt fram med nok ei utgjeving – «Take One» er ei akustisk nyinnspeling av debutalbumet. Innspelinga er gjord i eitt opptak, og slik som på dei første konsertane ho heldt, er det berre Susanne og pianoet ein får høyre. Same år var ho også med på kronprinsesse Mette-Marit sitt album med utvalde salmar, der ho song «Ingen vinner frem til den evige ro».

I nesten to år var det stille frå Sundfør. Men i januar 2010 begynte ein å kviskre om den nye songen, det nye albumet, den nye lyden av Susanne Sundfør. Førstesingel «The Brothel» kom i februar, og albumet med same namn kom i mars. Sjølv meinte ho at musikken var teatralsk – og meldarane sine store ord var også teatralske. «The Brothel» fekk strålande meldingar og viste kor god Sundfør verkeleg er.

DENNE SAKA STOD FØRST PÅ TRYKK I NORSK BARNEBLAD!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.28

Kommentarar

ANNONSE