Må gifta seg for å få fast jobb

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Presten i Aurland har vikariert som prest i Aurland kommune sidan november 2009. Ho søkte fast tilsetjing før sommaren. No har ho fått følgjande beskjed: Om du ikkje giftar deg, får du heller ikkje jobben, skriv Dagbladet.

Vedtak
– Eg kan stadfesta at Karin Larnefeldt har fått beskjed om at ho ikkje kan halda fram som prest eller bu i prestebustaden om ho ikkje giftar seg, seier biskop Halvor Nordhaug.

Han syner til at prestar er førebilete og bør følgja opp kyrkja sitt syn på ekteskap.

– Det er ikkje eit urimeleg krav. Det er ingen menneskerett å vera prest i Den norske kyrkja. Om ho ikkje giftar seg, kan ho ikkje fungera som prest i Bjørgvin bispedøme. Det er ikkje berre eg som meiner dette. Det er i samsvar med kyrkja s line, seier biskop Nordhaug, og synar til at

Bispemøtet fatta eit vedtak i 1995 om at prestar ikkje skal vera sambuarar.

Konservativt
Professor ved Det teologiske fakultet Hallgeir Elstad ved Universitetet i Oslo mener det blir feil at kyrkja kan gå så langt som å krevja ekteskap av sine medarbeidarar.

LES OGSÅ: Reagerer på biskop-krav

– Bjørgvin er tradisjonelt eit av dei mest konservative bispedøma i landet. Det tok lang tid før ei kvinne fekk praktisera, og det er framleis få kvinnelege prestar i dette bispedømet, seiar han.

Larnefeldt stadfestar overfor Dagbladet at ho har fått eit slikt ultimatum av biskopen i Bjørgvin bispedømme, men ynskjer ikke å kommentera saka utover det.

LES SAKA I SOGN AVIS!