Løner kredittkundar
Kan gå ut over ungdom og barnefamiliar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Løner kreditt- kundar
På Sand oppnår Coop-kundar med vanleg kort to prosent bonus. Kredittkortbrukarane derimot får to prosent i tillegg.
– Dette kan me ikkje gjera noko med. Det er bestemt frå hovudkontoret i Oslo. Men eg har ikkje tenkt å nytta meg av kortet. Eg synest det er greitt å gjera opp for meg etter kvart, seier leiar i styret for Coop marked, Sand, Nils Ingvar Korsvoll.
I kjølvatnet av julehandelfesten har den veksande kredittkortgjelda, særleg blant unge menneske, vore framme i media. 100.000 vil slita med kredittkortgjeld etter denne julehandelen, kan Aftenposten opplysa.
Pengeproblem
Gjeldsrågjevar hjå NAV sin økonomi-rådgjevingsteneste, Thorstein Røssnes, erfarer at kredittkort særleg lagar problem for familieøkonomiar.
– Når folk får for stor andel kredittgjeld i forhold til inntekter, i kombinasjon med høg rente (ofte 25 %, red. merkn.), skapar dette problem.
At selskapa som gir ut kredittkort har liten oversikt over økonomien til dei som søkjer om kort, forsterkar problema, forklarer rådgjevaren.