Her er dei nominerte

Sjå kva bøker som er nominerte til UPrisen 2010.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomane i nominasjonsjuryen har i dag lagt fram kortlista og langlista til Uprisen 2010. Nominasjonane er basert på ungdom sin eigne meldingar på www.uprisen.no.

I nominasjonsjuryen sat Vilde Antonie Haug Slottemo (14 år, Verdal), Andreas Bentzrød (15 år, Stavern) og Synne Eilertsen (14 år, Finnsnes).

Dei nominerte er (kortlista):
Hilde Hagerup: Alt som er gale med Georg. Aschehoug
Axel Hellstenius og Morten Skårdal: Fittekvote. Cappelen Damm
Sigbjørn Mostue: Den siste magiker. Cappelen Damm
Tor Arve Røssland: Svarte-Mathilda. Samlaget
Arne Svingen og Christoffer Grav: Med eigne auge. Cappelen Damm

Følgjande titlar får av juryen heiderleg omtale (langlista):
Elen Fossheim Betanzo: Sei det!. Gyldendal
Magnhild Bruheim: På flukt. Samlaget
Endre Lund Eriksen: Pitbull-Terje på sporet av den tapte faren. Aschehoug
Hilde K. Kvalvaag: Fengsla. Samlaget
Synne Sun Løe si: Tilstrekkeleg vent. Cappelen Damm
Asbjørn Rydland: Drakeguten. Samlaget

Fleire jenter skriv bokmeldingar
På uprisen.no ligg det 164 meldingar fordelt på 34 titlar som utgjer lista over alle norske ungdomsbøker utgjeven i 2010. Av meldingane er heile 79 prosent skrive av jenter mot 16 prosent av gutar. 5 prosent har ikkje oppgjeve kjønn. Bøkene derimot har ein overvekt av mannlege forfattarar. 62 prosent av bøkene er skrive av menn mot 38 prosent av kvinner. Blant bøkene sine hovudpersonar er det like mange jenter som gutar.

LES OGSÅ: Dette er Noregs mest rosa forlag!

Dei fem titlane på kortlista blir no sendt ut til åtte ungdomsskuleklassar som har siste ord når ungdomen sjølv kårar årets ungdomsbok. Uprisen blir delt ut under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer i mai. Vinnaren får ei sentral rolle under neste års festival.

Har du lese ei god bok du vil tilrå? Bruk kommentarfeltet, eller skriv ei bokmelding her!

Faktaboks

Uprisen er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Norsk Litteraturfestival og Den kulturelle skulesekken i fylka rundt i Noreg.