Fleire personlege kristne

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 1985 kalla 9 prosent av unge frå 21 til 26 år seg personleg kristne. No er talet tredobla. Det viser analysen «Slik er ungdomen!» som Synovate leverte Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet rett før nyttår. I aldersgruppen 15-20 år er det òg ein liten oppgang, frå 20 til 21 prosent personleg kristne.

– Det er alltid vanskeleg å vita kva folk eigenleg trur dei blir spurt om i slike undersøkingar, men inntrykket mitt er heilt klårt at unge i dag faktisk er meir medvitne på kva dei trur på, seier dagleg leiar i Acta – Born og unge i Normisjon, Espen Andreas Hasle til Vårt Land i dag.

Erik Dalen i Synovate har utarbeida rapporten. Han trur det fleirreligiøse samfunnet gjer at fleire unge tenkjer gjennom kva dei trur på.

Rapporten, som baserer seg på undersøkinga Norsk Monitor, viser at unge kvinner er flittigare kyrkjegjengarar enn resten av folkesetnaden.

47 prosent av alle kvinner i alderen 15-20 år har vore på gudsteneste minst ein gong i løpet av dei siste 12 månadane. Det er seks prosentpoeng meir enn snittet for alle nordmenn.