Noregs første vindtunnel på veg til Voss.

Avisa Hordaland
Avisa Hordaland

– Bygginga av vindtunnel på Tvildemoen startar alt til våren. Våren 2012 skal me dermed ha tunnelen klar for bruk, seier Thomas Hårklau.

Han er sjølv mannen som først lanserte ideen om vindtunnel på Voss, og som skal vera dagleg leiar for nyskapnaden.

52 millionar
– Prosjektet vart fullteikna no kring nyttår. Me har fått på plass all kapitalen me treng, som er godt 52 millionar kroner. Mange investorar er inne, men alt saman er norsk kapital, seier Hårklau til «Hordaland ».

Nett kven som er med av store aktørar vil han likevel ikkje fortelja, då papira ikkje er registrert i Brønnøysund enno.

Innovasjon Norge også
Frå før er det likevel kjent at Hagen-selskapet Canica er relativt tungt inne i prosjektet, på eigarsida.

– Innovasjon Norge er også ein viktig medspelar, understrekar Hårklau.

LES SAK I AVISA HORDALAND!

Sjå video frå vindtunnel i England:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.28

LES OGSÅ

ANNONSE