Færre omkomne i trafikken

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er to færre enn i 2009, og 21 færre enn gjennomsnittet dei siste fem årene.

Talet på omkomne i trafikken har gått ned frå 212 i 2009 og 255 personar i 2008 til 210 personar i 2010, viser førebelse tall frå Trygg Trafikk.

Lågaste sidan 1954
I gjennomsnitt dei siste fem åra har 231 personar mista livet i vegtrafikkulukker i Norge. Me må tilbake til 1954 for å finna eit år med færre omkomne i trafikken, heiter det i ei pressemelding.

– Me har hatt ein jamn nedgang i talet på omkomne dei siste 15 årene. Det at me i år har kome endå litt lågare enn i 2009 synest me er bra, seier Trygg Trafikk-direktør, Kari Sandberg.

Få barn
I 2010 har tre barn under 15 år mista livet i trafikken her i landet, to på 13 og 14 år, og barnet på halvanna år som døde i ryggeulukka på julaftan.

TEMA: Les meir om trafikktryggleik!

Ungdom er som tidlegare år overrepresentert på ulukkesstatistikken. I 2010 omkom 51 ungdommar mellom 15 og 24 år i trafikkulukker. Denne aldersgruppa utgjer om lag 12 prosent av befolkninga, men nesten 25 prosent av dei omkomne i trafikken. I 2009 utgjorde denne aldersgruppa 29,4 prosent av dei drepne.

Desembertrafikken
I desember 2010 omkom 14 personar på vegane, viser førebelse tal. I same månad i 2009 var det førebelse talet 17. Dette vart også det endelege talet for desember 2009.

I gjennomsnitt dei førre fem år er 21 personar omkomne i vegtrafikkulukker i desember månad.