Kjærleik, faktisk

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg har eit forslag. Og forslaget er alvorlig meint. Det kan vere greitt å understreke det. Det er alltid nokon som lurer. Derfor vil eg vere klar på det: Dette er ikkje ironisk meint. Og når eg skriv at dette ikkje er ironisk meint, så er heller ikkje det ironisk meint.

Då skulle det vere klart.

Så var det forslaget.

Kva om vi finn oss ei heilt ny juleforteljing? Ei vi kan samle oss om, som passar i vår tid? Kvart år blir det den same småkjeklinga om julas innhald: Skal skuleelevar tvingast til å gå på julegudsteneste? Skal skuleelevar tvingast til å ikkje gå på julegudsteneste? Har skuleelevar vondt av litt Jesus i jula? Kvifor skal ikkje skuleelevar få velje sjølv om dei vil ha litt Jesus i jula? Kvifor Jesus? Kva med alle dei som ikkje trur på Jesus? Kvifor ikkje synge julesongar utan religiøst innhald? Eller er julesongar utan religiøst innhald ein hån mot jula?

Eg seier: Kvifor ikkje legge alt dette bak oss? Det er så mykje fint med jula som er høgt heva over alt som har med religion å gjere. Folk møtest og hygger seg. Folk et god mat og sitt til bords i timevis. Folk gir gåver til kvarandre. Kollegaer er sosiale og pyntar seg. Og klemmer kvarandre. Gamle venner møtest igjen og fortel historier frå det siste året og finn ut at livet ikkje er så aller verst.

Kvifor ikkje samle oss om ei ny juleforteljing, ei som foreinar, ei som handlar om noko det er lett å kjenne seg igjen i? Som handlar om det fine med jula?

Eg har eit konkret forslag til kva for ei juleforteljing vi kan bruke. Sjølvsagt har eg det.

«Love actually».

Det er mitt forslag. Filmen «Love actually» frå 2003, skriven og regissert av Richard Curtis, engelskmannen som hadde fingrane i komiklassikarar som «Blackadder» og «Not the Nine O’Clock News», og som seinare har fylt karrieren sin med humoristisk veldedigheitsarbeid og romantiske komediar, der «Love Actually» er den beste av dei. Ein film med ti ulike historier, som alle handlar om kjærleik i førjulstida. All slags kjærleik. Kjærleik mellom stefar og steson. Mellom artist og manager. Mellom søsken. Mellom nyforelska. Mellom gammalforelska. Mellom kollegaer. Og kjærleik mellom kulturar, for all del. Ei av historiene handlar om eit par som bokstavelig talt ikkje snakkar same språk, som bokstavelig talt ikkje forstår kvarandre. Men som likevel finn ut av ting. Dessutan inneheld filmen ein julesong som er både morsom og fengande og ureligiøs.

Dette er juleforteljingar vi kan samle oss om. Eg seier ikkje at vi må meine at alt som blir sagt og gjort i denne filmen er evig sant og noko vi bør styre liva våre etter i all framtid. Eg seier ikkje at vi skal gå ut overbevise alle jordas folkeslag om at dette er verdens beste romantiske komedie. Vi må ikkje ta heilt av. Det er nok om folk ser filmen, lar seg underhalde litt, smiler av dei historiene dei liker og gjespar seg gjennom resten, og kanskje etterpå får lyst til å fylle sine eigne og andres liv med kjærleik. Ikkje meir. Du er ikkje nødt til å enten godta alt i denne filmen, eller forkaste filmen heilt. Du må ikkje meine enten at filmen er tidlaust genial, eller at han er heilt feil. Alt midt i mellom er også greitt. Slapp av.

Og ein dag, om nokre år, vil sikkert denne filmen verke gammaldags. Historiene er ikkje lenger like treffande, folk kjenner seg ikkje igjen i like stor grad som før. Nokre av historiene er berre merkelige. Artige nok som tidsbilde, men ikkje meir. Då kan vi godt finne ei ny juleforteljing å samle oss om. Det er ingen grunn til å ta vare på noko berre fordi det er ein tradisjon. Då kan vi godt komme oss vidare. Ikkje gløyme «Love actually» heilt, nødvendigvis, sjølv om det også er greitt. Vi kan ta vare på ei eller to favoritthistorier, kanskje, sjølv om vi ser at dei andre historiene har tida gått frå. Vi kan sjå på filmen med kjærlig nostalgi. Eller gløyme han. Og komme oss vidare. Til nye historier om kjærleik som passar i nye tider.

Berre eit forslag, altså.

God jul. Og det meiner eg.

 

LES SISTE JULENYTT HER!