Rocketvitraren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rocke- tvitraren

Asbjørn Slettemark (35) frå Kvinnherad kjem tettare på artistar og band ved å følgja dei gjennom nettsamfunnet.

– I haust før Kanye West gav ut det siste albumet sitt, køyrde han ut ein ny låt på Twitter kvar fredag. Her fekk fansen lytta til songane gratis før plata vart gjeve ut. Slikt er veldig kult. Det er også gøy å følgja artistar som er på fylla og skriv om ting dei kanskje ikkje burde, seier han.

Cecilie Fredheim (16) frå Stord har same erfaring med Twitter. Hennar største idol er den amerikanske countrystjerna Taylor Swift. Fredheim nærmar seg 12.000 oppdateringar på Twitter.

– Taylor skriv ikkje så veldig ofte, men bandet hennar er også på Twitter, så eg får med meg oppdateringane deira. Eg har også fått mange vener frå ulike nasjonar gjennom Twitter og skriv alle oppdateringane mine på engelsk slik at alle forstår.

I dagens papirutgåve av Sunnhordland fortel fleire sunnhordlendingar om korleis dei tvitrar.

Faktaboks

Twitter er ei mikromeldingsteneste som let deg sjå kva andre skriv og senda meldingar på maks 140 teikn.