Slaktar pinnekjøt-telefon

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn har problem med å ta den nye krisetelefonen «SOS julemat» seriøst.

– Av alle tåpelege offentlege utgiftspostar tek denne kaka. Det må vere grenser for kva den raudgrønne regjeringa skal blande seg inn i. Stoltenberg og Lars Peder Brekk har ikkje noko med korleis ein lagar julemat, seier Sveinung Rotevatn.

– Å steike den perfekte juleribba kan vere ei utfordring. Mange er bekymra for svoren, eller for at pinnekjøttet blir tørt. Men det er ikkje så vanskeleg, viss du følgjer oppskrifta, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk til regjeringa.no

Sprøsteikt svor inga statleg oppgåve
Unge Venstre er ikkje imponert over det nye tiltaket, som er finansiert av Opplysningskontoret for egg og kjøt. Dette er igjen finansiert gjennom fordeling av avgiftsinntekter frå Statens landbruksforvaltning.

– Dette må vere toppen av offentleg sløseri. Det er verkeleg ikkje ei statleg oppgåve å sørge for sprøsteikt svor til jul, seier leiar i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn.

FØLG MED PÅ SISTE JULENYTT!

Rotevatn seier han set pris på både ribbe og pinnekjøtt, men meiner julematlaging får overlatast til familiar og eventuelt initiativ frå næringslivet.

Brukar pengar på vissvass
– Dette er berre eit av mange døme på ei regjering som slit med å ha setje eit prinsipielt skilje for kva offentlege pengar bør og ikkje bør brukast til. Det ser sikkert hyggeleg og flotte ut at statsråden kjem juleribba til unnsetning, men er det verkeleg den beste nytta av tida hans, spør

Unge Venstre-leiaren, som meiner landbruksdepartementet byrd ta eit grundig oppgjør med sin eigen pengebruk.

– Generelt har eg inntrykk av at landbruksdepartementet brukar pengar på mykje vissvass, det vere seg kristelefoner for juleribbe, produktmerking av norske produkt gjennom NytNorge-kampanjen eller Opplysningskontoret for egg og kjøt. Eg etterlyser ein litt meir edruelig omgang med pengane til skattebetalarane, ikkje minst no når det nærmar seg jul, seier Sveinung Rotevatn.

Framtida.no bad onsdag om tilsvar frå politisk leiing i Landbruksdepartementet, men har enno ikkje fått svar.

Sveinung Rotevatn skriv faste kommentarar for Framtida.no. Sjå siste kommentar her!