DLD is coming to town

Sveinung Rotevatn
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pass deg for overvak- ingsnissen!

He's making a list, and checking it twice, gonna find out who's naughty and nice. Det er ikkje julenissen eg snakkar om. Det er overvakingsnissen, i form av datalagringsdirektivet (DLD), som så definitivt har fulgt med på EØS-lasset. EUs datalagringsdirektiv krev at all elektronisk kommunikasjon mellom borgarane blir registrert og lagra i opptil to år. Det skal altså etablerast eit fullstendig register over kven eg sender tekstmeldingar til, når og kor lenge eg ringer mor mi, kven ein journalist har vore i e-postkontakt med og – sidan eg har ein smartphone – kvar eg befinn meg til ei kvar tid.

He sees you when you're sleeping, he knows when you're awake. Slik omfattande registrering er ei djup krenkjing av personvernet, eller «totalitært svermeri» som Georg Apenes, tidlegare direktør i Datatilsynet, har kalt det. Det skaper eit overvakingssamfunn. Og det mest alvorlege av alt: Det endrar heile måten vi tenkjer på i vårt rettssystem. I dag må politiet ha grunn til å tru at du er innblanda i noko ulovleg før dei kan gripe inn i livet ditt gjennom å leite etter og ta vare på bevis. Med DLD set vi som føresetnad at alle nordmenn er potensielle lovbrytarar, og difor må alle elektroniske bevis sikrast på førehand. For å vere på den sikre sida. Alle med ein mjølpose har versågod å vise han fram – uavhengig av fargen på mjølet.

He knows if you've been bad or good, so be good for goodness sake! Kva er så målet med direktivet? Å stoppe terror, sjølvsagt. Det magiske ordet som gjer at alle rettsstatsprinsipp og grunnleggjande menneskerettar kan setjast på vent, i jakta på fienden; terroristen. Men terrorfrykta i Europa er ikkje like stor no som den var i 2006 då direktivet vart banka gjennom. Så i staden er det «pedofili», «barneporno» og anna styggedom som vert nytta som magiske ord for å legitimere omfattande overvaking av medborgarar. Problemet er berre at DLD ikkje fungerer som eit hinder mot verken terror eller barneporno. Sidan direktivet vart innført i store delar av Europa, har det kome lite eller ingen dokumentasjon på at dei nye overvakingsmoglegheitene har stoppa kriminalitet. Og det er kanskje ikkje så rart, for direktivet var utdatert omtrent før det tredde i kraft, slik som uunngåeleg skjer med det meste av teknologilovgjeving. EU-kommisjonen er allereie i gong med ei omfattande revidering av direktivet, men det hindrar ikkje Ap i å ville innføre eit utdatert, inngripande og ineffektivt overvakingsregime i form av DLD anno 2006.

«You better watch out, you better not cry». Men Ap har ikkje fleirtal på Stortinget. Venstre, KrF, Sp, Frp og SV har alle sagt nei til DLD. Berre Høgre har endå ikkje klart å bestemme seg. At Ap no endeleg vågar å ta direktivet til Stortinget tydar på at det har kome signal frå Erna Solberg & co, signal som nok er dårleg nytt for personvernet. Eg håpar i det lengste at det ikkje er sant. Unge Venstre er EU-tilhengjarar, i likskap med Høgre. Men vi trur ikkje ein treng frykte konsekvensane av ein norsk reservasjon mot DLD. I store EU-land som Tyskland og Romania har domstolane allereie slått ned direktivet som eit brot mot Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Leiaren for EU sitt eige datatilsyn har sagt at DLD «constitutes a huge interference with the right to privacy of all citizens». At EU i ein slik situasjon skulle forsøke å tvinge dei same reglane gjennom i Noreg, samstundes som dei sjølv reviderer direktivet, er ganske utenkjeleg. I det minste dersom Stortinget vågar å setje hardt mot hardt.

Det er likevel ikkje opp til oss andre lenger, det er opp til Erna Solberg – som i over eitt år har trenert behandlinga av direktivet i eige parti. No er leiken over, Erna. No er det alvor. DLD is coming to town.