Medaljedryss i Yrkes-EM
Kunnskapsministeren håpar dette vil bidra til større rekruttering til yrkesfaga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fem EM- medaljar til Noreg
Blomedekoratørane Carina Enger og Marit Iren Mythe frå Oslo og Hemsedal vann gull.
– Dette er heilt utruleg fantastisk. Tenk at me er europameistrar i blomedekorering, seier dei to gullvinnarane rett etter at dei fekk medaljane sine i Lisboa.
Verd all innsatsen
– Dette var verd all innsatsen som vi har gjeve for dette, seier Carina ifølgje worldskills.no.
– Ja, me har brukt mykje tid og trena masse dei siste månadane, og stått på i desse dagane i Portugal. Tenk at det skulle gje oss toppgevinsten, seier Marit Iren.
No skal dei heim å pynte til jul i butikkane og heime hos seg sjølve.
Kunnskapsministeren gratulerer
Noreg stilte med 16 deltakarar og er godt nøgt med fem medaljar, og dessutan to diplom for eksepsjonelt godt fagarbeid.
– Eg er skikkeleg imponert. Eg visste at dette var ein dugeleg gjeng. Eg har både sett dei i aksjon under NM og hatt dei på besøk i departementet. Men konkurransen er hard, så difor var det uansett svært imponerande med så mange medaljar i yrkes-EM. Eg håpar slike flinke førebilete i kvart yrke kan inspirere fleire til å velja yrkesfag, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.