Stakk ut augo med gaffel

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barnehagar og skular over heile Noreg feirar Lucia i dag, men dei siste dagane til Lucia er ikkje på pensum.

Lucia vart fødd i år 283, og døydde i 304. Vel hundre år etter dette finn ein den første skriftlege kjelda til historia hennar. Ho skal ha kome frå ein rik familie. Og dei fleste er samde om at ho skal ha blitt forsøkt gifta vekk mot sin eigen vilje til ein heidning. Som de høver seg for ein helgen, ville berre Lucia leva med Gud. Ho gav difor medgifta si til dei fattige. Den vonbrotne friaren melde frå til guvernøren i Syrakus på Sicilia. Den unge kvinna blei henta, men etter soga skal ho ha vore så fylt av Den heilage ande at ho ikkje var til å rikka. Då stakk vaktane augo hennar ut med gaffel.

LES OGSÅ: Her kan det ikkje vera noko gi og ta

I ein annan versjon er det ho sjølv som stikk ut augo sine, etter at friaren hadde sagt ho hadde så fine auge.

– La meg no leva med Gud, skal ho ha sagt då ho stakk augo ut.

I dag er Lucia blant dei viktigaste kvinnelege katolske helgenane, og mellom dei få som òg blir feira i protestantiske Skandinavia.

SJÅ JULESIDENE VÅRE!