– Kjærleikserklæring

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tyleskap til scenen

Forfattarane Finn Tokvam og Halvor Folgerø var heilt overvelda av korleis skodespelarane har tolka deira tyleskap på scena.

No ventar ein omfattande turné i regi av Sogn og Fjordane teater.

Romanen Tyl fekk strålande mottaking då den kom 2006. No har bygdehumoren til NRK-kjendisane Finn og Halvor blitt teater. Urpremieren framfor ein fullstappa teatersal i Førdehuset var første framsyning i ein turné som førebels skal gå fram til slutten av januar.

Klikk her og les Sogn Avis si meining om stykket.

Såg lyset
Forfattarane var naturleg nok sjølv til stades under premieren, og spenningsnivået var høgt.

– Det første me oppdaga at dei har laga ein kopi på scena av den spesielle lampa på Logen (bar i Bergen red. anm), og den har me jo sett opp på før, mang ein kveld. Den betyr mykje for oss, for det var jo på Logen at me såg lyset. Me stod heilt fast med Tyl-skrivinga. Me hadde streva i fleire dagar, og gjekk nett opp på Logen før me skulle skiljast og så gjekk det opp eit lys for oss, me byrjar boka her, ler Finn og Halvor.

Dei meiner at dei då i ein periode hadde vore inne i ein slags litterær Lærdalstunnel.

– Men ein tunnel utan desse utvidingane inni. Så når me såg lyset der på Logen, så var det som å koma til Aurland. Me starta vel på Håbakken, så gjekk det jamt nedover.

Heilt skjelvne
Etter premieren var det to svært nøgde forfattarar me møtte på premierefest for Tyl.

– Nei, no er me heilt skjelvne. Det var fantastisk moro å sjå vår eiga bok bli til teater, seier Halvor Folgerø og får stadfestande nikk frå kollega Finn.

– Var karakterane i boka skildra slik de har tenkt dykk?

– Ja! Det var faktisk Ove og Ragnar, akkurat slik eg har sett for meg. Dei og dei andre på scena er heilt strålande, og instruktør Arvid Ones har gjort ein fantastisk jobb, meiner Halvor og Finn.

Dei er overvelda over at ensemblet har klart å få fram både humoren og alvoret i Tyl. Vestlandshumoren, bygdelivet, byturane og den umoglege kjærleiken vert skildra så godt at det nesten gjer vondt, meiner forfattarane.

– Det er så ilt å sjå at det blir godt, og omvendt. Innimellom er det så vondt at me nesten angrar litt på at me skreiv dette, ler Finn og Halvor.

Vestlandshumor
Instruktør Arvid Ones var og letta etter premieren på stykket, som Sogn og Fjordane Teater no vonar skal gå sin sigersgang rundt på Vestlandet.

– No er eg verkeleg letta. Eg følte at me kommuniserte, og eg vonar verkeleg at folk har lyst å sjå stykket, sa Ones.

– Fleire samanliknar alt Tyl med megasuksessen Splint av Norvald Tveit?

– I så fall er det berre heilt fantastisk, meiner Ones, som sjølv spelte i Splint i si tid.

Teatersjef på Sogn og Fjordane Teater, Terje Lyngstad, har stor tru på at folk vil nyte både førjulstid og januar på å få med seg Tyl. Og han trur at både skjemt og alvor vil gå rett i ryggmargen både på sogningar, fjordingar og bergensarar.

– Eg føler at me har klart å ta vestlandshumoren på kornet, meiner Lyngstad.

Han får full støtte frå Claus Sellevoll, som spelar Ragnar Mortenson i stykket.

– Å spela i Tyl er om lag som å vera i sin eiga stove. Det var jo i dette miljøet me vaks opp. Tyl er verkeleg ei kjærleikserklæring til Vestlandet!

LES SAK I SOGN AVIS!