Idiot-prisen 2010

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nobelpris-utdelinga, den offisielle kinesiske versjonen:

‘Utanriks: Nobelprisen for USA-vennlig idiotisk Kina-kiritikk utøvd av kriminelle blei delt ut i ein veldig kald liten by i Europa på fredag. Nesten ingen møtte opp. Ikkje eingong vinnaren av prisen. Klovnen i Nobel-komiteen Thorbjørn Jagland sa noko. Og det var mus i rådhuset.

Denne prisutdelinga er totalt uvesentlig og fullstendig utan meining. Det er derfor Kina heller ikkje lar seg provosere av dette usle, teite, latterlige påfunnet frå dette komiske vesle landet med ei regjering som ikkje forstår stt eige beste og som skal få betale dyrt for ugjeringane sine ein dag.

Vêret: Sol.

Sport: Vi vann.’

Nobelprisutdelinga, den offisielle norske versjonen:

‘Kina stod stille då Nobels fredspris blei delt ut i Oslo fredag. Kinesiske styresmakter satt skjelvande i endelause krisemøte og frykta for posisjonane sine og for konsekvensane av den modige tildelinga av fredsprisen til Liu Xiaobo.

Overalt i Kina samla vanlige kinesarar seg i kjellarar og på loft for å planlegge den fredelige overgangen til demokrati i landet. I by og bygd, gard og grend, hadde kinesiske familiar dekt veggane sine med norske flagg og store bilde av medlemmene i den norske Nobel-komiteen: Thorbjørn Jagland, Sissel Rønbeck, Ågot Valle, Kaci Kullman Five og Inger-Marie Ytterhorn.

Fredsprisen har fått folket i landet til å forstå alvoret. Då kinesiske styresmakter i desperasjon stengde tilgangen til NRK og BBC i Kina, blei det for mykje for mange kinesarar.

«Kva skal vi gjere no? Eg har ikkje fått med meg siste episode av ‘Trekant’!» seier ein fortvilt opprørar med hårspenne.

Ein annan nyomvendt opposisjonell som har skifta namn til Inger-Marie Li Ytterhorn seier ho er usikker på om ho kjem til å takle ei helg utan skiskyting på tv.

Og ein anonym dissident i Ågot Valle-trøye er forbanna: «NRKs nettsider har vore stengde i fleire dagar no. Nokon kan ha sagt at Harald Eia ikkje er morsom, utan at vi har fått det med oss. Dette er ikkje til å leve med. Du forstår ikkje kor mykje ytringsfridommen betyr før han blir tatt frå deg.»

Nobel-konserten, den offisielle kinesiske versjonen:

‘Kultur: Det var fleire tomme stolar under ein konsert i Oslo der gamle folk frå Europa og USA demonstrerte for å få frigitt kriminelle.

Utanriks: Det er mus i rådhuset i Oslo.

Sport: Vi vann.

Vêret: Kjempefint.’

Nobel-konserten, den offisielle norske versjonen:

‘Heile verda samla seg framfor fjernsynsapparata for å sjå Nobel-konserten i helga. Men i Kina var skjermane svarte. Og reaksjonane har ikkje latt vente på seg. Systemkritikarar over heile Kina er no klare til å gå ut i gatene og ta over makta etter at dei gjekk glipp av Nobel-konserten. «Eg hadde gleda meg slik til Barry Manilow. At han får vere med på denne konserten, viser kor ekstremt langt ytringsfridommen strekker seg i vesten,» seier ein systemkritikar med «I love Sissel Rønbeck»-button på Jagland-trøya si.’

Denne artikkelen stod først på trykk i Dagsavisen laurdag 11. desember.

QUIZ: Prøv deg på Nobel-quizen vår!