– Internett er Guds gåve til Kina
Kan internett opna Kina?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kina treng den frie informasjonsflyten på internett for å nå sine økonomisk vekstmål. Det kan på sikt tvinge makthaverne til økt åpenhet og toleranse, seier Kina-forskar Johan Lagerkvist til amnesty.no.
– Kina har internasjonalisert økonomien sin og det kinesiske næringslivet klarar seg ikkje utan tilgjenge til fri økonomisk informasjon på internett, seier han vidare.
Dilemmaet er at kinesiske styresmakter difor ikkje kan stenge Kina for omverda. I staden freistar dei å bremse innførsel av kjenslevar politisk informasjon. Det er no rekna at kring 30.000 politifolk i Kina arbeider med den store kinesiske brannmuren som skal hindra upassande informasjon å lekkja inn.
QUIZ: Kva veit du om fredsprisen?
Men no meiner den svenske forskaren at den teknologiske utviklinga er i ferd med å innhente kinesiske styresmakter. Kinesiske internettbrukarar får tilgjenge på stadig nye metodar for å omgå den veldige, kinesiske brannmuren og det utstrakte sensurapparatet. I tillegg er mengda internettbrukarar i så sterk vekst, at det etterkvart vil bli for kostbart og omfattande å kontrollere deira nettaktivitetar.
Om berre 5-6 år kan mengda internettbrukarar ha auka frå dagens omlag 450 millionar til 800 millionar menneske.
– Om eg skal våge å gissa, så trur eg vi om 10 år vil sjå eit radikalt annleis Kina. Me kan likevel aldri utelukke at ei konservativ fløy tek over og set på bremsane igjen. Men skjer det, trur eg det går mot ein konfrontasjon med det sivile samfunnet. Og det ynskjer heller ikkje kinesiske styresmakter, seier han til amnesty.no.
Faktaboks
Liu Xiaobo blei tildelt Nobels fredspris for 2010. Han sit fengsla, og får ikkje delta på seremonien på dødsdagen til Alfred Nobel, 10. desember.