Vestlendingar mest kritiske

Ingen andre stader i landet er innbyggjarane meir kritiske til born med eigne mobiltelefonar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vest- lendingar mest kritiske

Ei ny nasjonal undersøking Respons Analyse har gjennomført for tryggleikstenesta Bipper, kartlegg kor mange nordmenn som meiner at ein niåring er moden nok til å eiga sin egen mobil.

– Vestlandet er den regionen i Norge der flest er skeptiske til dette. Heile sju av ti meiner at niåringar ikkje er modne nok til å ha sin egen mobil, medan berre éin av fire meiner dei er det. Fem prosent er usikre, fortel mobilgründer og trebarnsmamma Silje Vallestad.

Ho fortel at det er på Sørlandet folk er mest positive. Der meiner fire av ti at niåringar er modne nok, vert det opplyst i ei pressemelding.

– Felles for alle regionar og byar i Norge er at foreldre meiner ein niåring ikkje er moden nok til å eiga egen mobil. Men dei fleste niåringar får ein likevel, ifølgje Medietilsynet sin rapport om barn og digitale medium frå tidlegare i år, opplyser Vallestad.

Ho fortel at hele seks av ti barn er ni år eller yngre når dei får sin første mobiltelefon.

– Undersøkingane viser eit interessant gap. Småbarnsforeldre gir mobiltelefon til sine barn trass i at dei meiner at barna ikkje er modne nok for ansvaret det medfører, fortel Vallestad.

LES SAKA I SOGN AVIS!

Kva tid meiner du born bør få mobil?