KristenLeaks

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kristen- Leaks

Utanforståande kan ha fått det inntrykket at Inger Lise Hansen er uønska som KrF-nestleiar av mange fylkeslag berre fordi ho har gått inn for at Krf bør meine ein del ganske vanlige ting, og fordi VG trykte eit bilde av henne der ho ikkje var iført undertøy.

Dei Hansen-kritiske fylkeslaga vil ikkje at dette inntrykket skal feste seg, då det får KrF til å verke som eit noko smålig og pussig parti som tek VG meir alvorlig enn VG fortener. Derfor har fylkeslaga no lekka opplysningar om andre episodar som viser kvifor Hansen er uskikka for nestleiarvervet. Det har tatt litt tid før dette har komme fram, sidan leiarane i fylkeslaga ikkje kjente nokon som kunne internett, så dei måtte gå frå dør til dør og levere lekkasjane personlig.

Fylkeslaga håper denne lista med overtramp frå Hansen vil få folk til å forstå at denne saka handlar om reell politisk usemje, og at politikk på dette nivået er meir komplekst enn ein kan få inntrykk av frå førstesidene:

April 2009: Inger Lise Hansen gjekk forbi ein kasse med israelske appelsinar i ein butikk.

Mai 2009: Inger Lise Hansen smilte.

August 2009: Inger Lise Hansen gjekk igjen forbi ein kasse med israelske appelsinar i ein butikk.

September 2009: Inger Lise Hansen heldt eit innlegg om verdispørsmål på eit partimøte. Utan ein einaste skarre-r.

Oktober 2009: Inger Lise Hansen gjekk endå ein gong forbi ein kasse med israelske appelsinar i ein butikk. Utan å kjøpe. Utan å gjere noko. Og utan ein einaste skarre-r.

November 2009: Ein partifelle overhøyrde Inger Lise Hansen i kantina då ho sa «felles ekteskapslov» utan å brekke seg. Og utan skarre-r.  Desember 2009: Inger Lise Hansen smilte utan skarre-r.

Januar 2010: Inger Lise Hansen sa at ho ønska seg takhøgde i KrF. Dette er berre eitt av mange døme på at Hansen bevisst provoserer med å bruke framandord utan skarre-r.

Februar 2010: Inger Lise Hansen protesterte ikkje då nokon i partiet påstod at ho har valt Krf berre fordi det er det einaste partiet der sjølv ei slik som ho vil verke frisk, liberal og urban. At Hansen ikkje eingong var til stades under denne samtalen, viser berre kor lite alvorlig ho tek kritikken.

April 2010: Inger Lise Hansen sa til ein stortingsrepresentant: «Stilig jakke!» Heilt utan forvarsel. Og heilt utan skarre-r.

Mai 2010: Inger Lise Hansen stemte ikkje på Israel under den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix. Ho såg dessutan heile finalen utan å ein einaste gong skarre på r-en.

Juni-juli 2010: Inger Lise Hansen heia ikkje på Israel under fotball-VM. At Israel ikkje var med i fotball-VM, viser berre kor alvorlig denne saka er.

Dei Hansen-kritiske fylkeslaga meiner desse eksempla viser at KrF er eit parti som ikkje tek lett på verdispørsmål. Dei oppfordrar Hansen til å finne seg eit anna parti der ho og meiningane hennar ikkje vil verke spesielt liberale og friske. Så kan ho eventuelt komme tilbake til Krf.

Lykke til!

 

Denne kommentaren stod på trykk i Dagsavisen 4. desember.