Deltek på YouTube-festival

30 norske artistar engasjerer seg for menneskerettar på YouTube.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blant dei 30 norske artistane som bidreg på Involve Yourself´s Youtube-musikkfestival, finn vi namn som Ingrid Olava, Datarock, Kråkesølv, Thomas Eriksen, Thom Hell, Fjorden Baby og Marte Valle.

Prosjektet Involve Yourself går av stabelen i dag, og er den andre Youtube-musikkfestivalen i historia.

Festivalen til fjoråret hadde godt over 110.000 klikk på Involve Yourselfs Youtube-kanal.

Bidraga blir lasta opp på nettsida, og kvar artist bidreg med ein privat og eksklusiv liveinnspilling.

– For å engasjere ungdom i menneskerettsspørsmål har me satsa mykje på sosiale medium denne hausten. Gjennom å stille spørsmål gjennom ulike flater og kanalisere målgruppa inn via heimesida vår har me hatt ein fin dialog med norske ungdomar under kampanjen. Og no bruker me altså Youtube som ein kanal til å spreie både informasjon og musikk, seier prosjektleiar Stine Evjen i ei pressemelding.

Involve Yourself arbeider for å engasjera unge menneske i menneskerettar og mot urett. Prosjektet er eit samarbeid mellom Raude Krossen Ungdom, Flyktninghjelpen, Norsk Folkehjelp Ungdom, PRESS og Changemaker.

Alle videoinnspelingane blir publisert kvart tiande minutt frå klokka 15 tysdag 30. november. Sjå nettsida her!

Datarock:

Kråkesølv: