Mykje på spel i Cancun

– Sjølve tilliten til FN står på spel.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klimatoppmøtet i Cancun opnar i dag måndag, men forventningane til møtet er skrudd ned til eit minimum.

Natur og Ungdom har følgt klimaforhandlingane tett heilt sidan starten. Ola Elvevold meiner Cancun-toppmøtet vil bli avgjerande for om det i det heile er mogleg å kome til ein ambisiøs og rettferdig klimaavtale eller ikkje, og om FN enno skal utgjere kjernen i klimaregimet.

– Mykje står på spel når dørene opnar i Cancun i dag. Viss leiarane i verda sviktar nok ein gong, kan det slå beina under heile klimasamarbeidet under FN, seier Ola Skaalvik Elvevold, leiar i Natur og Ungdom til nu.no.

For svake mål
Etter fiaskoen i København, har klimasamarbeidet teke fleire steg tilbake. Etter COP15 rapporterte landa i verda inn dei respektive måla sine for utsleppskutt. Desse måla set verda på ein kurs for global oppvarming langt høgare enn det internasjonalt aksepterte 2-gradersmålet.

Natur og Ungdom legg hovudansvaret på rike land, og peikar på at det er utviklingslanda som så langt har kome med dei mest ambisiøse måla.

KOMMENTAR: Hva slags framtid ønsker vi oss?

– Rike land har det historiske ansvaret for klimaproblemet, og i Cancun må det gjerast tindrande klårt at måla som no ligg på bordet er altfor svake, og må skjerpast, seier Elvevold.

Kyoto-avtalen må vidareførast
Konflikten mellom rike land og utviklingsland har i lengre tid dreidd seg mykje om skjebnen til Kyoto-avtalen. Fleire store, rike land er skeptiske til ein ny avtaleperiode med ein juridisk bindande avtale som forpliktar dei til utslippskutt, og ynskjer seg ein mindre stram avtale. Utviklingsland som allereie rammast av klimaendringane krev eit klimaregime som sikrar utsleppskutt blant dei største forureinarane.

Natur og Ungdom meiner det er ekstremt viktig at COP16 blir samde om ei vidareføring av juridisk bindande forpliktingar for rike land, som hindrar at rike land stikk av frå rekninga.

– Ei semje om å vidareføre Kyoto-protokollen, vil det som trengst for å byggja opp tillita mellom rike og fattige land, avsluttar Elvevold.

Torsdag ettermiddag møter Natur og Ungdom miljøvernminister Erik Solheim i Oslo for å overrekke krav til Noregs innsats i forhandlingane, før statsråden reiser til Cancun.

LES SISTE KLIMANYTT!