Her er delfinalistane

Alt frå The Black Sheeps til rockabilly.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er del- finalistane

I dag blei dei siste 12 artistane i neste års norske Melodi Grand Prix-finale presentert, og bandet The Lucky Bullets håpar nå å ta Melodi Grand Prix med storm.

– Det finst ikkje nokon større happening enn Melodi Grand Prix. Her kan me visa Noreg og Europa kva musikk betyr. Men me er først og fremst med for å spela sokkane av folket, fortel Knud Kleppe alias «Tank Harvey» i bandet.

Historia om The Lucky Bullets starta ein dag i 2006 på ein bar på Grünerløkka i Oslo, der Tank Harvey stod bak disken. Han kom i prat med Svein Åge Lillehamre som nå kallar seg «Jimmy Dapper», og dei bestemte seg for å starta eit rockabillyband.

Heftig låt
Seinare kom også Stian Nybru alias «Ace Dynamite» frå Vikedal med i bandet, saman med Even Lundquist alias «Butch Comet». Den utflytta vikedalsbuen spelar kontrabass i bandet.

Bandet er kjenneteikna av spegelblanke hårstrå og spisse sko, og har reist rundt land og strand. Allereie det første året dei spelte, blei dei tatt varmt imot av Europas hepcats- og hillbillyscener. Her heime har dei blant anna spela under by:Larm, og i vår la dei siste finpuss på sitt første album.

Nå er dei klare for delfinalen i Skien i slutten av januar med den ville rockabillylåten «Fire below».

– Låten handlar om flammer, damer, heite drinkar og tronge gater, opplyser Tank Harvey.

LES SAKA I GRANNAR.NO!

Faktaboks

Desse opptrer i delfinalen i Florø:
Pernille & Marius: «I’ll be Yours»
Hanne Sørvaag: «You’re like a Melody»
Isabella: «Sand»
Endre: «Oh, Oh (Puppy Love)»
Marika: «Hungry for You (Gipsydance)»
Babel Fish: «Allergic»
Mimi Blix: «Depend on Me»

Desse opptrer i delfinalen i Skien:
Grethe Svensen: «Like Dreamers Do»
Girl Happy: «SOS»
The BlackSheeps: «Dance Tonight»
Noora Noor: «Gone With the Wind»
Susperia: «Nothing Remains»
Stella Mwangi: «Haba Haba»
The Lucky Bullets: «Fire Below»