Overtenning

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg seier ikkje at dette kjem til å skje, naturligvis. Det kjem ikkje til å skje, at for eksempel ei norsk nettavis lurer på om ein politikar kan vere overtrent. Eg seier berre at det hadde vore litt fint. Det er lov å drøyme. Politikarar og toppidrettsutøvarar har mykje felles. Det blir forventa at dei skal prestere på topp. Dei representerer oss alle. Resultata deira har mykje å seie for kor bra folk har det og kor godt det kjennest å vere norsk.

Likevel er det stor skilnad på korleis ein møter formsvikt hos politikarar og toppidrettsutøvarar. Om ein idrettsmann gjer det dårlig, spør vi: Er det noko gale? Kor gale er det i så fall? Og kva kan gjerast for at det skal bli betre?

Om ein politikar gjer det dårlig, reknar vi med at han skjuler noko eller har tvilsame motiv, og krev at han skal legge seg flat, be om unnskyldning, forklare seg m.m.

Det hadde vore litt fint om vi ein gong, berre ein gong, kunne lese noko slikt som dette:

Etter at ein statsråd denne veka svarte litt ullent i fleire debattar om pensjon, har rykta begynt å gå: Kan statsråden vere overtrent?

Som vanlig var det planlagt at statsråden skulle diskutere akkurat det same temaet med akkurat dei same folka i Her og nå, Dagsnytt Atten, Tabloid, Dagsrevyen, Aktuelt, TV2-nyhetene, Sytten Tretti og Kveldsnytt.

Spekulasjonane skaut fart då statsråden valde å bryte allereie etter fire debattar. Statsråden svarte litt ullent i alle fire.

Mange fryktar at statsråden kan vere ramma av ein mystisk sjukdom, og støtteapparatet stadfestar at statsråden tek det med ro medan ein venter på prøvesvar. Den mest sannsynlige forklaringa på den uventa dårige innsatsen, er likevel overtrening.

– Det har vore eit enormt press på statsråden lenge, seier ein ekspert. – Når du er politikar på dette nivået, lever du på grensa heile tida. Du må alltid presse deg. Du har aldri fri. Det blir alltid krevd at du skal vere på topp. Alltid nye saker. Alltid nye argument. Alltid nye debattar. Kritikk. Politikarar er ikkje maskinar. Nok er nok, også for våre aller beste menn.

Ingen veit kor lenge det går før statsråden er tilbake på talarstolane og i tv-studio. Men i verste fall kan spørjetimen vere i fare.

Opposisjonspolitikarane håper statsråden er tilbake i god form til spørjetimen:

– Spørjetimen blir ikkje den same utan statsråden, seier ein Høgre-politikar.

Ein sentral Frp-politikar følgjer opp:

– Ein spørjetime utan statsråden blir som eit fotball-VM utan Brasil.

Kommentatorane advarer mot å presse statsråden meir no. Som ein av dei seier:

– Statsrådane er dei største stjernene i norsk politikk. Ingen som er glade i politikk ønsker dei noko vondt.

Ein annan kommentator seier:

– Det å fortelje kva ein politikar eigentlig meiner med det han seier, er uansett ein merkelig ting å leve av, men det kjennest ekstra poenglaust dersom politikaren ikkje har sagt noko i det heile tatt. Vi treng politikarane. Det viktigaste no er at statsråden får ro, så får han komme tilbake så fort han er klar.

Lettelsen var stor i heile det politiske miljøet og i heile medie-Norge då statsråden blei observert på kontoret torsdag kveld. Ein kollega som såg statsråden gjennom glasdøra på kontoret hans, synest statsråden såg fin ut:

– Han leste dokument som ein helt. Eg reknar med vi har han tilbake i godt slag snart.

***

Eg seier ikkje at det kjem til å skje. Det kjem ikkje til å skje. Det med at kommentatorar synest politikarane er viktigare, er spesielt urealistisk.

Men det er lov å drøyme.