Ute for å gleda deg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Peparkakene mine er kjøpt, men så lenge folk blir glade, er det bra. Det seier Sander Engevik. Saman med fleire hundre lokale born, har dei eit mål med dagen. Det er å gleda andre menneske.

– Kompisen min fekk ein klem av ei dama som vart så glad for at ho fekk peparkaker, seier Engevik. Saman med Jarand Grov hadde han kjøpt inn ein boks peparkaker som dei delte ut til folk i Borggata på Stord. Lenger oppe i gata står Markus Haukanes, Svein Tore Østrem og Pål Utslottøy. Dei har, i tillegg til å kjøpa inn dei obligatoriske peparkakene, baka bollar som dei deler ut til folk.

Spelar og syng
– I dag skal me gjera noko ekstra hyggjeleg, utan at me får betalt for det, seier Svein Tore Østrem.

– Men skal de ikkje gjera det kvar dag då?

– Jau, men det er litt ekstra no, seier Pål Utslottøy. Alle tre seier at folk stort sett er glade når dei møter dei med nybakte bollar. Mot til å glededagen, vert i år arrangert for sjuande gong, og heile 60.000 ungdommar over heile landet er ute for å gleda folk. Folk gjer det på ulikt vis. Nokre bakar og deler ut gratis, nokre delar ut gratis klemmar, andre jobbar på skular som assistentlærarar, medan andre syng songar. Det gjer Jørgen Bauge og Andreas Steinsbø Walquist. Dei har med kvar sin gitar og syng songar på Amfi.

– Me syng eigne songar, og andre songar, seier Bauge. Han seier at dei har fått mykje skryt.

– Folk seier eg har fin stemme og at eg er flink, seier han.

LES SAKA OG SJÅ FLEIRE BILETE PÅ SUNNHORDLAND.NO!