Slepp kyrkja fri

Sveinung Rotevatn
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I førre veke samla leiarane i Den norske kyrkja seg for å diskutere framlegg til ny liturgi. På agendaen stod mellom anna framlegg om meir «brukarstyrte» gudstenester, der kyrkjelyden skal kunne delta meir aktivt, samt framlegg om større fridom for dei ulike kyrkjene når det gjeld bruk av musikk. I tillegg var det framlegg om å bruke meir kjønnsnøytrale omgrep om Gud, der ein dempar bruken av nemningar som «herre», «konge» og «allmektige fader».

Kongen åtvarar
Framlegga som har kome har vekt reaksjonar. Det er naturleg at prestar, biskopar og andre som arbeider i kyrkja har sterke meiningar om framlegga. Derimot reagerer den liberale ryggmargsrefleksen min automatisk når representantar for Den norske stat, slik som kong Harald og statsråd Rigmor Aasrud, skal blande seg inn i korleis eit trudomssamfunn skal utøve religionen sin. Kongen åtvarar kyrkja om å vedta for mykje nytt, og minnar om at «liturgisk og bibelsk språk er viktig for langt flere enn de som jevnlig deltar på gudstjenester». Statråd Aasrud meiner det er viktig med store endringar i kyrkja «for at barn og unge skal får nødvendig kunnskap», og tar til orde for «en folkebevegelse, en kirkebevegelse der alle barn og unge skal nås med opplæringstilbud».

Når eg høyrer ein statsråd for ei sekulær regjering snakke slik som Aasrud, blir eg heilt skremt. Ap-statsråden syner tydeleg at «alle skal med» – også når det gjeld den offisielle statsreligionen. Og det er tydelegvis eit satsingsområde for regjeringa å nå barn og unge før dei vert vaksne nok til å tenkje sjølvstendig om val av religion. Det er i slike stunder vi blir minna på at vi slett ikkje har full religionsfridom i Noreg – og at vi framleis held oss med ei statskyrkje som ikkje høyrer heime i eit moderne, liberalt demokrati.

Puslete forlik
Professor i religionshistorie, Torkel Brekke, kom for to veker sidan med ein pamflett om religionsfridom i Noreg, publisert av den liberale tankesmia Civita. I pamfletten argumenterer Brekk overbevisande om kvifor statskyrkja er ein anakronisme som vanskeleg let seg kombinere med dei viktige omsyna til fri religionsutøving og likebehandling av alle trudomssamfunn.

Brekke er sjølvsagt ikkje den første som tar til orde for å skilje stat og kyrkje. Faktisk har tre ulike utval vurdert spørsmålet sidan 70-talet, og alle utval har konkludert med at stat og kyrkje må skiljast, eller at tilhøvet mellom desse i alle fall må reformerast radikalt. Ingen av utvala har vorte lytta til av Stortinget. I 2008 klarte partia til slutt å samle seg om eit puslete forlik, der ein gjer mindre justeringar i statskyrkjeordninga. Mellom anna går ein inn for ei demokratisering av kyrkja, og legg vekt på at kyrkja skal få større fridom til å velje sine eine leiarar. Det skulle då også berre mangle, men dette er tydelegvis så langt partia er villige til å gå per i dag. Det er langt frå godt nok.

«Hald religionen i sjakk»
Forkjemparar for statskyrkja generelt, og sosialdemokratiske forkjemparar spesielt, argumenterer ofte med at det er viktig med ei statskyrkje for å hindre at det veks fram ekstreme religiøse miljø, for å hindre at den norske folkekyrkja vert kløyvd i ulike retningar og for å sikre at kristenlivet i Noreg vert meir liberalt. For ein ekte liberalar er dette ein fullstendig uhaldbar argumentasjon. Det er ikkje folkevalde politikarar si oppgåve å «halde religionen i sjakk». Sjølve konseptet religionsfridom vert ganske tømt for meining dersom politikarar skal kunne blande seg inn i eit trudomssamfunn sitt indre liv, uansett kor gode intensjonane måtte vere.

LES OGSÅ: Han er tilbake!

For meg er det viktig at alle religionar vert behandla likt. Og det er minst like viktig at staten skal halde seg for god til å regulere og diktere det indre livet i trudomssamfunn, inkludert Noregs største trudomssamfunn. For ein liberalar framstår det som ganske spesielt at Noreg – eit av dei minst religiøse landa i verda – framleis skal halde seg med ein offisiell statsreligion

Eg oppmodar kong Harald til å halde seg på Slottet, og eg oppmodar statsråd Aasrud til å halde seg i regjeringskvartalet. Kyrkja må sjølv få bestemme vegen vidare, utan innblanding frå ein stat som burde kvitta seg med alle band til kyrkja for årevis sidan.