Brenn for biblioteket
– Vi må stille ut bøkene slik butikkane stiller ut snop, seier biblioteksjef Anne Elisabeth Waage i Radøy folkebibliotek.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Færre bokryggar, fleire frontar fram. Og meir nynorsk til lesarane.
Waage er sjef for eit bibliotek med avgrensa midlar og få tilsette. Ho skildrar ein kvardag med romslege opningstider og stort engasjement, trass i behovet for å vere fleire tilsette.
Og gjennom Nordhordland-samarbeidet mellom 8 kommunar greier biblioteket å få mykje ut av lite. Biblioteksjefen ramsar opp ulike tiltak biblioteka samarbeider om: formidling til barn, deltaking på kulturfestival, kulturkafé med forfattarbesøk, konsert med ord og tonar og ikkje minst pilotprosjektet Nye tider – ny norsk.
Skriv enkelt
Prosjektet kom til for å stimulere biblioteka til å fremje den nynorske litteraturen, og Waage seier dei legg vinn på å kjøpe inn fleire eksemplar av nynorskbøker viss økonomien tillet det.
– Det er viktig, seier Waage.
– Der er så mange gode nynorskforfattarar no, og språket deira er så enkelt å lese. Ta ein forfattar som Ingelin Røssland, til dømes. Ho skriv for ungdom, og bøkene hennar er så kjekke å lese.
Sjå Ingelin Røssland sin videoblogg:
Men det handlar òg om å bevisstgjere og motivere dei tilsette. Derfor samlast dei tilsette frå alle åtte biblioteka éin gong i halvåret og har det sosialt og presenterer bøker for kvarandre.
Rokkar ved tradisjonane
Waage er ikkje i tvil om at det er avgjerande å ha ei medviten satsing på nynorsk litteratur i ei tid då språket er under press frå byane.
– Vi har lange, gode språktradisjonar her, og nynorsk er ein del av identiteten vår. Men nabokommunane Meland og Lindås, som grensar til Bergen, merker meir og meir press på nynorsken. Det har vi til tider gjort her i kommunen også, sjølv om vi framleis berre har nynorskklassar i skulane.
Men om det finst mykje bra litteratur å by lesarane på, så er det ein ting Waage saknar.
– Eg skule ønskje forlaga kunne hatt meir fokus på faglitteratur for barn. Det finst faktisk mykje kjekk faglitteratur for barn no, men nesten ingenting er på nynorsk. Dette blir nok eit område biblioteka i Nordhordland må jobbe med.
Bøker rett heim
Det er ikkje berre det interkommunale samarbeidet som ber frukter i Radøy. Også Leseåret 2010 set spor etter seg, og biblioteket på Radøy har brukt året til å motivere seg til ekstra innsats. No har dei etablert eit samarbeid med Radøy arbeidssenter, der all yrkesretta arbeidsverksemd er samla. Der har dei no fått ein lesekrok og eit sanseområde, og biblioteket leverer bøker og andre medium fast til senteret. På same vis er dei inne i eit tilsvarande opplegg med velferdssenteret i kommunen, der dei tilbyr litteratur, lydbøker og musikk til gamle som er i ferd med å bli demente og senile.
– Vi har òg ei teneste som heiter «Heim til deg». Her kan folk som av ulike årsaker ikkje kan kome i biblioteket, eller deira pårørande, tinge bøker og filmar av oss. Så leverer vi dei på døra.
Med oppfølging av faste brukarar av biblioteket i tillegg til arrangement og tenester dei leverer, er det nok å gjere for dei tilsette. Kva meir kan folk i Radøy ønskje seg?
– E-bøker, seier Anne Elisabeth Waage.
– No håper eg at vi får e-bøker snart.
Kva meiner du biblioteket bør gjera for å få fleire til å låna bøker?