Han er tilbake!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er sjølvsagt lett for alle oss urbane, verdslige, kaffelattedrikkande, verdifattige fritenkarar å fnise av alle dei veldig alvorlige menneska som diskuterer Einar Gelius si framtid i den norske kirka. Det er lett å sjå det komiske i alvorlige menn som spør om ein kan halde fram som prest etter å ha deltatt i «skal vi danse», tullegravlagt fotballklubben Lyn, gifta par i telefonkioskar og skrive bok om sex.

Men dette handlar om religion. Og religion er viktig i mange menneskes liv. Heile Gelius-debatten dreier seg om kva religion er og skal vere.  Det er ingenting å le av. Så la oss prøve å ta dette alvorlig. Og gå til kildene. For det står faktisk skrive i bibelen:

‘Du skal diskutere sogneprestar som er litt utanom det vanlige.’

Og det står også skrive:

‘Ve den som vier nokon i ein telefonkiosk eller i eit anna bittelite hus som ikkje har allverdens praktiske nytte meir.’ (Paulus brev til prokrastinatorane 23,8-12,3=11,5)

Og ikkje nok med det. I efesarkongens sjette brev, vers 2, paragraf 8, andre ledd, står det:

‘Ein engel viste seg for dei. Dei vart forferda, men engelen sa til dei : «Ver ikkje redde!» Og dei svarte: «Neivel, viss du seier det så.» Så sa engelen: «Hugs! Du skal aldri gravlegge Lyn, Skeid, Frigg, Odd, Snøgg, Ørn, Moss, Hødd, Start eller andre fotballklubbar som har namn som er einstavingsord. Du skal heller ikkje gravlegge andre klubbar, med fleire stavingar, som til dømes Vindbjart, Løv-Ham, Nybergsund Trysil eller Vikings andrelag. Forbodet mot gravlegging av fotballklubbar gjeld i kyrkjer, i radio, på tv, på nett og i alle andre former for kommunikasjon og formidling som er eller kan komme til å bli funne opp i framtida.» Etter å ha sagt det, var engelen svært fornøgd med seg sjølv og gjekk heim.’

I Lukas-evangeliet, tredje vers, heiter det:

‘Herren viste seg for dei og sa: «Miskunn!» «Kva tyder det, Herre?» spurde folket. Og han svarte: «Eg har ikkje peiling. Det er eit ord ein bruker i slike skrifter.» Og då sa folket: «Wow» for dei var imponerte. Så sa Herren: «Sannelig seier eg dykk at den av dykk som deltek i eit program på TV2 der ein ifører seg teite og lett homofile antrekk og dansar med austeuropear, han skal de kalle ormeyngel!»

Det var tredje vers. I refrenget i Lukas-evangeliet står det:

‘Du skal gjere som biskopen din seier. For sjå! Han har skjegg og ser skikkelig seriøs ut.’

Og vidare:

‘Sparkast skal den som skriv ei bok om seksuelt samkvem, tissing og andre ting som er ganske ekle å tenke på. Kva som er ekkelt å tenke på, blir avgjort av alvorlige menn som har sitt daglige arbeid i kristne dagsaviser eller i den norske kirke. Og så han der kommentatoren frå den ledelses-avisa, han som blir så sint når han diskuterer sex på tv. Og sjølvsagt av biskopen din, for sjå! Han har skjegg og ser skikkelig seriøs ut.’

No skal det seiast at alle desse sitata er henta frå bibelen til Ole Christian Kvarme. Det finst mange ulike biblar. I bibelen til Einar Gelius står det for eksempel:

‘Du skal vere på tv.

Du skal vere skikkelig mykje på tv, faktisk.

Du skal vere på radio.

Du skal danse.

Du skal synge.

Du kan gjerne synge og danse på tv.

Du skal tisse.

Du skal misse.

Du skal gravlegge Lyn.

Du skal terge opp biskopen din. For sjå! Han har skjegg og ser skikkelig seriøs ut.’

Så la oss prøve å ta dette litt alvorlig.