Ein skrekkfilm kalla pensjon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om du åtte ein bank, kven ville du gje store lån til? Ein frisk og rask femogtjue­år­ing eller ein utsliten femogsekstiåring? Standardsvaret er sjølvsagt det fyrste. Har du stort inntektspotensial i framtida, kan du ofte låna både tre og fire gonger årsinntekta di. Når du er gamal, derimot, så skal du vera gjeldfri og kunna tæra på dei oppsparde midlane.

Slik det er for hushald, burde det òg vera for statar, men slik er det ikkje. Verda, særleg den rike og vestlege, er åt å verta gamal, og no må ho verkeleg byrja å låna. Dei eldre skal låna frå stadig færre yngre, som ikkje kan låna i det heile teke fordi dei må betala ned på låna til dei eldre.

Ei slik ordning, skjønar dei fleste, kan ikkje vara ved. No, nett når eldrebylgja står for døra, er ei rad europeiske statar de facto konkurs. Tyskland har gjort det meir enn klårt at landet ikkje leng­er vil tvinga dei tyske skatte­betalarane til endå ein gong å taka rekninga. Som Harvard-økonom og tidlegare sjefsøkonom i Det internasjonale penge­fondet Kenneth Rogoff sa sist fredag:

«Vi er midt i ei nedsmelting som går føre seg i slow motion.» Både Irland, Portugal, Spania og Hellas var truleg ute av stand til å greia seg på eiga hand, hevda Rogoff.

Det vert verre
Stoda til desse landa er likevel berre krusingar på overflata jamført med det som ventar oss i framtida. Det internasjonale analysebyrået Standard & Poor’s (S&P) har no freista å talfesta framtida i rapporten «Global Aging 2010: An Irreversible Truth». Å talfesta framtida er sjølvsagt ei umogeleg øving, men så lenge ein held seg innan­for den demografisituasjonen ein kjenner, gjev det likevel ei viss meining.

S&P har rett og slett spurt seg kva som kjem til å henda i 2050 om vi ter oss på same viset dei neste førti åra som vi har gjort i dei føregåande førti åra. Kva kjem til å henda om vi held fram med å auka forbruket av pensjonar, helsetenester og aldersomsorg med grunnlag i dei lovene vi har vedteke, og på grunnlag av den samfunnsmodellen vi har bygt opp gjennom den siste generasjonen?

Men berre så det er sagt: Tala kjem ikkje til å verta røyndom, ikkje av di dei per definisjon er feil, men av di dei lovnadene tala byggjer på, ikkje lèt seg gjennomføra. Dei enorme etterkrigskulla vert no gamle, og desse kulla har fått altfor få born, som deira born etter dei, til at noko av det S&P har rekna på, er mogeleg, seier S&P sjølve.

Mi eller di skuld?
Veksten i skulda er kanskje det mest fascinerande. For dei rike landa i verda (OECD-landa) stig skulda sakte fram til 2020 og vert på 78 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP), så stig ho til 115 prosent i 2030, for så å enda opp på 329 prosent i 2050. G7-gruppa, dei sju rikaste landa i dag, kjem til å ha ei skuld på over 400 prosent i gjennomsnitt.

Men det er under føresetnad av at dei får lån. Det får dei neppe. Det gjennomsnittlege underskotet på medianstatsbudsjettet i den rike delen av verda kjem til å vera på 24,5 prosent av BNP i 2050. Tolv land, inkludert Storbritannia og USA, kjem til å ha eit underskot på over 30 prosent.

Dei rike landa er ikkje åleine om å ha ei eldrebylgje. I 2050 vil den gjennomsnittlege staten i verda taka 60 prosent av all verdiskaping i nasjonen. I G7-landa kjem det offentlege til å taka over 70 prosent, gjennomsnittet for OECD vil vera på 68 prosent. Ingen statar har hatt ei slikt regime i fredstid. Den som kom nærast, var Sverige, som i 1996 var oppe i 64,2 prosent. Då var rett nok landet åt å gå konkurs, og den økonomisk veksten borte. Göran Persson sette i gang det hardaste innstramingsprogrammet noko vestleg land truleg har gått gjennom. I 2007 var statens del av BNP komen ned på 53,8 prosent, som framleis var høgst i verda.

Helse er verst
Pensjon er eit av hovudproblema, men på ingen måte det største. For dei fleste landa i verda kjem gruppa over 65 til å dobla seg samanlikna med gruppa mellom 15 og 64. Dette gjer likevel at dei reine pensjonsutgiftene berre går opp med tre prosentpoeng av BNP samanlikna med i dag. Nei, den store bomba er omsorg og helse, som no tek noko over 10 prosent av BNP i dei fleste statane. Om helse- og omsorgspolitikken vert den same i framtida som i dag, kjem seks land – Belgia, Frankrike, Hellas, Luxembourg, Slovenia og Ukraina – til å nytta ein tredjedel av BNP til aldersrelaterte utgifter i 2050. Medianøkonomien vil nytta 27 prosent av BNP.

Det er to lovnader som kjem til å verta brotne: lovnadene til dei som alt har lånt ut pengar til statar med uheldig demografi, og lovnadene til dei som i dag er i arbeidslivet og har vorte fortalde at dei skal få like gode pensjonar og helsetenester som foreldra. Det mest omfemnande lovnadsbrotet kjem til å verta mot framtida, for i den augneblinken ein stat ikkje betaler på låna sine, får han ikkje nye lån, som igjen gjer at politikarane må skjera her og no. Men det kjem dei neppe til å ynskja å gjera sidan kutt her og no nær garanterer valnederlag. Eit tredje alternativ er inflasjon, men det kan ein ikkje halda på med særleg lenge før det drep sparelysta og med det den økonomiske veksten.

Fleire born vanskeleg
Det beste alternativet er sjølvsagt å få opp barnetala. Mellom 1950 og 1955 var fødselsraten 2,65 i Europa, mellom 1995 og 2000 var han på 1,42. No er han rett nok komen opp på 1,5 etter at nokre politisk tiltak vart sette i verk. Men skal fødselstala vidare opp, må statane truleg gje barnefamiliane mykje meir pengar og fritid enn i dag – og gratis barnehagar. Noko slikt er umogeleg om ein ikkje alt no lyfter pensjonsalderen dramatisk, noko veljarane ikkje ser ut til å vera viljuge til å gå med på. Det fyrste Spania gjorde då dei måtte skjera ned på utgiftene i samband med finanskrisa, var å kutta dramatisk i den nyss vedtekne innføringa av fødselspengar.

Eit tredje alternativ er å auka innvandringa dramatisk frå den tredje verda, men ufaglærde arbeidarar er berre lønsame om dei ikkje får dei same velferdsgoda som majoritetsfolkesetnaden. Konklusjonen gjev seg sjølv, meiner The Economist: «Høgreekstreme parti er alt svært populære. Tenk kva som ville henda om statar freista å auka innvandringa (…). Vert van med det: Vi er på veg mot ein pensjonsalder på sytti», eller høgre.   

At folk må arbeida så lenge dei har helse til det, ser altså ut til å vera uunngåeleg; det er i alle høve mogeleg. Men det store uløyste spørsmålet står att: Når vi vert stadig eldre og får stadig færre yngre, kven skal gje alle desse eldre den omsorga dei treng for å leva verdige liv? Eller «vil fri abort i fortida», som paven har sagt det, «måtta føra til eutanasi i framtida»?

Unnatakslandet Noreg
Kva med Noreg? Vi er ein annan stad. Noreg har i dag ein netto finansformue på 114 prosent av BNP (Oljefondet). S&P reknar med at formuen stig til 236 prosent i 2030. Men så skjèr det seg også heilt her til lands. Tjue år seinare, i 2050, vil formuen ha skrumpa til 33 prosent av BNP. Men det er likevel ein del betre enn dei fleste andre land, til dømes Japan, som kjem til å ha ei gjeld på 753 prosent om ingenting vert gjort.

Men etter 2050 er dei fleste som les denne spalta døde.

Ingen stad å gøyma seg
Når det offentlege ikkje kan betala pensjon, må folk sjølve spara. Men kvar skal avkastninga koma frå når ungdomen er borte?

Før 1980-åra hadde det knapt vore ei einaste boble i verdsøkonomien sidan det store krasjet i 1929. Så kom det ei tid med stor økonomisk vekst og med stadig stigande prisar og avkastning på aksjar. Sidan slutten av 1990-åra har vi derimot knapt hatt anna enn bobler, Asia-kriser, dotcom-kriser, bustadkriser, finanskriser og bankkriser. Dei som har prøvt å spara til alderdomen, har gått på den eine smellen etter den andre.

Kvar har det gått verst? I Japan. Der representerte børsen i 1990 60 prosent av all aksjeverdi i verda. Så kollapsa alt. Sidan 1990 har Japan i praksis hatt nullrente, og alle desse som hadde spart i hus og aksjar, har tapt det meste av pengane. Den dag i dag, tjue år seinare, ligg både aksje- og eigedomsprisane langt under toppen. For japanske spararar var den japanske krisa langt større enn krasjet på Wall Street i 1929 var for amerikanske spararar den gongen.

Japan var berre fyrst
Kva har vore unikt med Japan? Japan var det fyrste landet i den rike verda der reproduksjonsraten vart dramatisk negativ. Alt i 2007 byrja folketalet å gå nedover, naturleg nok sidan fødselsraten lenge så vidt har vore over éin. Og når det vert færre i arbeid, færre som sparer, og fleire som tek ut peng­ar til pensjon, ja, så må nesten prisane på eigedom og aksjar gå ned.

Tidlegare i år om­­tala The Financial Times ein granskingsrapport frå Barclays Captial (BC). BC hadde samanlikna kva aksjar kosta i høve til innteninga til selskapa. Di meir eit selskap tener, di meir verdfullt vert det, og di høgre vert prisen. Men det er likevel ei grense for kor dyr ein aksje kan verta. Går prisen for mykje opp, har vi ei boble, som i Japan i 1990. Barclays jamførde så funna sine med demografien i den amerikanske folkesetnaden. Dei gjekk ut ifrå at aksjar steig mest når det var flest menneske i aldersgruppa 35 til 54. Då tener vi mest og arbeider mest.

Hypotesen var rett. Den største aksjebobla i nyare amerikansk historie var bobla på teknologibørsen Nasdaq i 2000. Ho samsvara perfekt med toppen i aldersgruppa 35–54. Heilt sidan 1950 har trenden vore den same, syner BC: Di fleire menneske i aldersgruppa 35–54, di større avkastning. Men når folkesetnaden vert eldre og skal pensjonera seg, får vi masse pengar som er på jakt etter færre menneske, og med det kjem boblene. I alle høve, di færre menneske i aldersgruppa 35–54, di lægre avkastning, ser konklusjonen ut til å vera.

LES SAKA HJÅ DAG OG TID!