Over 2000 barn sat på glattcelle

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barneombodet har lenge vore uroa for situasjonen for born som blir sett i politiarrest, og ikkje minst bekymra over at det ikkje har vore tilgjengelege tal som kunne seie noko om kor mange born som blir putta i arrest kvart år.

Etter at Politidirektoratet opplyste at dei heller ikkje hadde noko oversyn starta Barneombudet tidlegare i år arbeidet med å samle inn tall frå politidistrikta til alle landet.

I den første undersøkinga til Barneombodet fekk dei ikkje svar frå Agder og Oslo politidistrikt. No har Advokatforeningen fått tal frå desse politidistrikta.

– Ungdomane fortel jo sjølv om at det er forferdeleg. Dei blir redde, dei mistar omgrepet om tidø – for klokkene er jo teke frå dei, dei frys, dei får lite mat og dei får ikkje dusja eller pussa tennene, fortel generalsekretær i advokatforeningen, Merete Smith til NRK.

Ho trur opplevinga kan vera ganske traumatiserende for borna.

Ei oppsummering av funna:
– I løpet av 2009 var det over 2000 tilfelle der born vart sett i politiarrest. Det er usikkert kor mange born det dreier seg om, sidan éit barn kan vere arrestert fleire gonger.
– Eit titall mindreårige har sete lengjer enn 48 timar i arrest. Det er lengjer enn den generelle føringen for arrest. Nokre born har sete så lenge som 80 og 90 timar.
– Mengda av barnearrestasjonar varierte frå 0 til 153 i dei ulike politidistrikta.

Krev handling og statistikk
Barneombodet har sendt ei oppsummering av funna i eit brev til Justisdepartementet. I brevet ber barneombod Reidar Hjermann om at departementet startar arbeidet med å føre god statistikk over arrestasjonar. Ombodet etterlyser òg betre rutinar.

– Det er heilt uakseptabelt at born ned til 15 år låsast inne på denne måten, og det er særleg viktig at styresmaktene har rutinar for å overvåke omfanget. Det ser ut til at desse rutinane manglar i dag, seier fungerande barneombud Knut Haanes i ei pressemelding.

Store skilnader
– Det er interessant at det er så store skilnader mellom politidistrikta, og vi kan jo berre spekulere i om det har samanheng med kapasiteten til barnevernet lokalt. Vi ynskjer oss i utgangspunktet eit barnevern som er robust nok til å handtere situasjonen desse borna kjem i. Tallene må ned, seier fungerande barneombud.

 

Synst du det er greitt at unge ned til 15 år blir sett på glattcelle?

Faktaboks

Politiarrest: Opphald på celle hos politiet (oftast glattcelle) frå ein blir arrestert fram til ein blir sloppe fri eller overført til varetektsfengsling i ein fengselscelle. Dette kan gjelde alt frå fyllearrest, arrestasjon på grunn av vinningskriminalitet (f.eks tjuveri), voldskriminalitet eller ulovlege demonstrasjonar og liknande.

Varetektsfengsling: Under etterforskning når ein ventar på rettssak eller avklaring.

Fengselsstraff: Soning når ein blir dømt i ein rettsak.