Forbode å vera ute etter klokka 22
Samrøystes kommunestyre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Varden skriv i dag at politikarane i Drangedal har avgjort at ungdom under 15 år ikkje får vere ute etter klokka 22.00.
Det var tidlegare denne månaden at kommunestyret i Drangedal ynskte å vedta nye politivedtekter. Dei gamle vedtektene er over 50 år, og kommuneadministrasjonen synst det var på tide med ein oppdatering.
Men fordi både KrF, Sp, Frp, Høgre og Venstre ynskte å vidareføre regelen, og la det fram som eit tilleggsforslag for kommunestyret, vil regelen førebels bli ståande som han har gjort dei siste 50 åra, skriv Varden.
Ifølgje avisa reagerer mange av dei yngre i kommunen på vedtaket.
– Vi gjer ikkje noko gale berre fordi vi er under 15 år. Det er dumt viss vi må luske oss rundt, dersom vi er ute etter klokka di på kvelden, seier ein 13 år gammal jente til Varden.
Drangedal har ikkje noko barne- og ungdomsråd, og dei det gjeld hadde difor ikkje fått høve til å seia meininga si om saka på førehand.
I Sømna kommune i Nordland er det om mogleg endå strengare. Der er det ikkje lov for dei som er 14 år og yngre å ferdast ute etter klokka 20 om kvelden i vinterhalvåret.